Sammendrag
Utgangspunktet mitt for å skriva om den nynorske sakprosaen er eit ønskje om å undersøkja nærare det skriftkulturelle aspektet ved nynorsken, altså det funksjonelle aspektet ved den nynorske skriftkulturen. Grunnlaget for undersøkinga er den nynorske sakprosaen som kom ut åra 1900, 1925, 1950, 1975 og 1999. Tekstmaterialet består av til saman 723 tekstar. Desse tekstane er undersøkte gjennom sju variablar: diskursfellesskap, sjanger, språkblanding, emne (Dewey), utgjevarar/forlag/utgjevarstader, format og omsetjingar. Alle desse variablane vert tekne opp i eigne kapittel. Omgrepa diskursfellesskap og sjanger er henta frå John Swales. Til saman har eg kome fram til 16 ulike diskursfellesskap og 40 ulike sjangrar som tekstane er fordelte på. Gjennom desse to omgrepa vert det kontekstuelle elementet klargjort. Tekstmaterialet består av både reint nynorskspråklege tekstar og tekstar som har innhald på både nynorsk og bokmål. Forholdet mellom desse to typane er tema for kapitlet om språkblanda tekstar. I kapitlet om emne vert tekstane undersøkte i forhold til korleis dei fordeler seg i dei ti hovudemnegruppene i Dewey-systemet. I kapitlet om utgjevarar/forlag og utgjevarstader ser eg på kva slags forlag og forlagstypar som gjev ut nynorsk sakprosa, og eg ser på kor i landet tekstane vert gjevne ut. Ulike boktypar som serie, verk, billigbøker og praktbøker vert tekne opp i kapitlet om format, og tekstmaterialet vert vidare delt opp i to format, bok og småtrykk, for å undersøkja korleis den nynorske sakprosaen ser ut reint fysisk. Den siste av dei sju variablane vert teken opp i kapitlet om omsetjingar innanfor nynorsk sakprosa. Etter gjennomgangen av det kvantitative materialet presenterer eg i eit eige kapittel åtte hovudfunn, som så vert drøfta ut frå ein meir kvalitativ innfallsvinkel. Det viktigaste stikkordet her er stabilitet: Det mest påfallande i heile undersøkinga er den tydelege stabiliteten i heile perioden. I siste del av kapitlet freistar eg så å forklara funna eg har gjort. Gjennom denne forklaringa prøver eg å sjå den nynorske sakprosaen i samanheng med den nynorske skriftkulturen i det heile.