Sammendrag
Målet med dette forskingsarbeidet har vore å studere bruken av faglitterære sjangrar i ei avis (avissjangrar). Dette er gjort ved hjelp av analyse av eit utval utgåver av avisa Klassekampen. Målet mitt har vore å undersøke om sjangerbruken endrar seg over tid, og sjå på nokre moglege grunnar til at det har skjedd. Resultata viser at sjangerbruken i avisa har endra seg mykje gjennom åra. Klassekampen har gått frå å vere ei propagandaavis til ei kultur- og debattavis, noko ein ser på sjangrane som er dominerande.
I oppgåva går eg også inn på teoretiske diskusjonar rundt omgrepet "sjanger", og eg har også studert formatet til avisa. Det største arbeidet i oppgåva har vore utviklinga av ein sjangerktalog for avisa Klassekampen.
Eit nøkkelord elles er diskurs. I oppgåva går eg inn på ulike sider ved diskursen rundt ei avis, og særleg kva dette har å seie for utviklinga av sjanger og format i Klassekampen.
I starten av oppgåva er det eit fyldig kapittel med presentasjon av avisa Klassekampen, som i stor grad kan lesast sjølvstendig, for dei som er meir interessert i sjølve avisa (og den norske ml-rørsla) enn dei har interesse for sjangerteori og språklege aspekt ved avisa.