Abstract
Pergamenthandskriftet AM 39 fol. er heimfesta til Island og datert til omkring 1300 (AMkat I:28, ONP/Registre 432) og står Kringla nær i den stemmatiske tradisjonen. Berre restar er att av handskriftet, 43 blad som Árni Magnússon samla på slutten av 1600-talet. Alle blada er skrivne med same hand og inneheld tekst frå første og siste delen av Heimskringla. 39 er ikkje publisert i eiga utgåve, men er nytta i variantapparatet i dei store Heimskringlautgåvene til Finnur Jónsson og Bjarni Aðalbjarnarson. 39 har vore ein viktig faktor i debatten om Heimskringlas teksttradisjon, men få har uttalt seg om språklege trekk som kan gje grunnlag for tid- og heimfesting.
Hovudsiktemålet med denne oppgåva er å granske paleografien og ortografien i 39 for å finne språklege trekk som kan fortelje når og kvar handskriftet er skrive. Dette vil gje haldepunkt for å avkrefte eller stadfeste at tidfestinga til ca. 1300 og heimfestinga til Island er rett. I tillegg har eg også laga ein transkripsjon av det undersøkte materialet.
I kapittel 1 presenterer eg problemstillinga og avgrensar materialet.
I kapittel 2 presenterer eg AM 39 fol. og greier ut om utsjånad, skrivar, innhald, historie, proveniens. Eg har også laga eit oversyn over korleis tidlegare forskarar har drøfta 39 i arbeida sine.
Kapitla 3 og 4 utgjer hovuddelen av oppgåva.
I kapittel 3 gjev eg eit oversyn over paleografien i 39. Det omfattar alle skriftteikna; dvs. bokstavar (minusklar, majusklar, forstørra initialar, kapitelar), ligaturar, abbreviaturar, tal og andre teikn. Alt blir dokumentert med skanna bilete og kommentert for tid- og heimfesting.
Den ortografiske undersøkinga i kapittel 4 er delt inn etter vokalismen og konsonantismen. Hovudvekta ligg på skrivemåtar i handskriftet som kan fortelje noko om tid- og heimfesting. Eg handsamar mellom anna aksentbruk, monoftongar, diftongar, samanfall av fonem, endingsvokalismen, korte- og lange konsonantar, palatalregelen, norvagismar (h-bortfall, nektingsprefiks).
Oppsummeringane av kapitla 3 og 4 gjev tid- og heimfestingar av handskriftet på grunnlag av paleografi og ortografi.
Konklusjonen min i kapittel 5 blir at heimfesting for AM 39 fol. til Island er rett. Når det gjeld tidfesting for AM 39 fol., syner undersøkingane at dateringa til omkring 1300 er for romsleg, og eg gjer framlegg om ny datering 1270-1300.
I tillegg inneheld oppgåva to vedlegg. Det første vedlegget er ein transkripsjon på eit strengt diplomatarisk nivå av blada 36v – 43r av AM 39 fol. Eg har tidlegare i kapittel 6 gjeve ei oversikt over dei prinsippa som eg har lagt til grunn for transkripsjonen.
Det andre vedlegget er skanna kopi av dei fotograferte blada 36v – 43r av originalen AM 39 fol.
Lengst bak i oppgåva er det ein CD-rom som inneheld oppgåveteksten i pdf-format. Vedlegg 2 finst i jpg- og bmp-format.