Sammendrag
Nordiske mellomalderballadar finn vi i alle dei fem nordiske landa med felles språkbakgrunn. I variantapparatet for same balladetype kan vi møte ulike ideologiar i tematisk konflikt med kvarandre. Er det mogleg å skilje ut mentalitetstrekk frå opphavstid og nedskrivartid, adels- og bondemiljø, aust og vest, altså trekk frå tid og rom? Eg prøvar på det i denne oppgåva ved å samanlikne norske, danske, svenske, færøyske og islandske oppskrifter, og halde ulikskapane i dei opp mot ideologi som har gjort seg gjeldande i dei aktuelle landa frå mellomalderen av.
Ein finn trekk både frå det gamle ættesamfunnet og det meir kontinentale føydalsamfunnet, samtidig som kristne ideal trer fram delvis i motstrid med både eldre og nyare mentalitet, der stikkord kan vere stoltheit – audmjukskap og hemnhug – tilgjeving. Kvinnesynet i balladane kan uttrykke skiftevis norrønt, kontinentalt høvisk, eller kyrkjeleg fundert mentalitet, av og til innan same balladetype. Det kan verke som om sosiale skilnader er viktigare enn geografiske, slik at i staden for å operere med skilje mellom "typisk" austlege og vestlege variantar, ville det kanskje heller vere fruktbart å rekne med at variantane uttrykker ulikskapar i mentalitet mellom adels- og bondemiljø.