Sammendrag
Dette arbeidet er ein komparativ analyse av The Sheltering Sky (1949) av Paul Bowles og Ikaros-Ung mann i Sahara (1957) av Axel Jensen. Gjennom ei innhaldsfokusert nærlesing som er basert på postkolonial ideologikritikk, ønskjer eg å gjere greie for assymmetriske relasjonar mellom Den andre og den vestlige reisande, framstillingar av det stiliserte nord-afrikanske landskapet, og eit kjønsperspektiv som kan seie noko om kva utfall tverrkulturelle seksuelle konstellasjonar kan få for den vestlege kvinna versus den mannlege.
I analysen vil eg syne at romanane er klassiske døme på den dikotomiserande retorikken som oppstod i orientalistiske reiseskildringar på attenhundretalet, likefullt kjem det til syne ei interessant vending i siste del av The Sheltering Sky som problematiserer orientalismen sitt syn på dei fastsementerte kjønsrollene.