Sammendrag
Formålet med avhandlinga er å finne ut kva forståing av kommunikasjon som kjem til uttrykk gjennom metaforar brukte om kommunikasjon i lærebøker i norsk for ungdomsskolen frå perioden 1997-99. Materialet omfattar omtale av grunnleggjande ferdigheiter, litterære og funksjonelle sakprosatekstar og medium som reklame, film, fjernsyn og Internett. I avhandlinga blir lærebokas framstilling sett i to perspektiv. Det første gjeld korleis lærebøkene konstruerer og representerer måtar å forstå kommunikasjon på. Dette spørsmålet blir studert gjennom ein analyse av kva metaforar om kommunikasjon som er nytta i lærebøkene. Det andre perspektivet gjeld kva metaforane har å seie for elevars læring. Dersom metaforane er tydeleg signaliserte i framstillinga, vil elevane lettare kunne forstå og ta stilling til teksten. For å få fram det første perspektivet, forståinga av kommunikasjonsbegrepet i framstillinga, er kognitiv metaforteori (Reddy, Lakoff, Sweetser, Grady) brukt som utgangspunkt for diskursorientert og sosiokulturelt fundert metaforanalyse (Gibbs, Cameron, Littlemore). Det andre perspektivet, signaliseringa av metaforar og konsekvensar for læring, blir gjort synleg gjennom analyse av grammatiske markørar som metaforsignal (Goatly, Knudsen, Musolff). Analysane kastar lys over lærebøkenes kvardagsforståing av kommunikasjon, der særleg skriving blir framstilt som ei handling prega av reisemetaforar knytt til å konstruere meining, motsett lesing og lytting, som er framstilt via rørmetaforen , der kommunikasjon er sett på som uproblematisk og friksjonsfri. Likeins er litterær sakprosa framstilt som tekstar som skal lesast ”mellom linjene”, mens funksjonell sakprosa er framstilt som enkel og eintydig. Vidare er metaforar om reklame, film og fjernsyn meir prega av rørmetaforen og den avmektige konsumentens perspektiv enn metaforane om internettet, som er prega av reise og prosess. Analysen viser også at lærebokforfattane bruker metaforsignal aktivt overfor lesarane sine, trass i at dei framstiller lesing av sakprosa som ei passiv handling. Dette kan vere eit teikn på rørmetaforens dominans i skolediskursen.