Original version
Norsk lingvistisk tidsskrift. 2006, 24 (1), 3-26
Abstract
Denne studien ser på sider ved semantikken til preposisjonen til i lys av både lingvistisk teori og leksikografisk praksis. Med utgangspunkt i ei kritisk drøfting av artikkelen om til i ei større norsk ordbok blir det vist korleis ein kan analysere tydinga til denne preposisjonen innanfor den teoretiske retninga kognitiv lingvistikk. Artikkelen presenterer også eit framlegg til struktur for ein alternativ ordbokartikkel om preposisjonen til basert på denne analysen. Denne strukturen har to hovudgrupper av tydingar ei gruppe leksikalske tydingar og ei gruppe grammatiske. Dei grammatiske tydingane er ikkje vidare inndelte, medan dei leksikalske tydingane dannar tre hovudgrupper, lokative tydingar, tilstandsendring og temporal tyding.