Sammendrag
Teksten De krenkede av Åsne Seierstad er mitt utgangspunkt i dette arbeidet. Denne teksten ser eg i lys av debatten som herja rundt den meir omtalte boka av Seierstad: Bokhandleren i Kabul. Teksten De krenkede tek føre seg konflikten i utbrytarrepublikken Tsjetsjenia i Russland. Denne konflikten har blitt kalla for ein ”usynlig krig” av mange. Korleis prøver Seierstad å synleggjere denne krigen gjennom språklege verkemiddel? Og medfører desse språklege verkemidla at teksten bryt verkelegheitskontrakten med lesaren?
Som teoretisk bakgrunn for forteljarposisjon og narratologi støttar eg meg hovudsakleg på Petter Aaslestad og Jakob Lothe sine teoriar. Når det gjeld språklege verkemiddel har eg nytta Jan Svennevig. Debatten kring sakprosa har eg nytta som bakteppe for å vurdere i kva grad ein kan kalle teksten for sakprosa, både språkleg og innhaldsmessig.