Abstract
Verbaspekt er kanskje den grammatiske kategorien som valdar størst problem for utlendingar som lærer seg russisk. Dei fleste russiske verb opptrer i aspektpar, der eitt imperfektivt (Ipf) og eitt perfektivt (Pf) verb har same tyding, men må nyttast i ulike situasjonar. Derimot er det visse situasjonar der Ipf har såkalla faktuell tyding (konstatacija fakta), og difor konkurrerar med Pf. I denne oppgåva undersøkjer eg korleis eksplisitt uttrykte tidsadverbial er med på leggje til rette for eller hindre ei faktuell tolking av Ipf. Eg tek utgangspunkt i at aspekt er ein temporalkategori, og støtter meg på ei rekkje teoriar som knyttar tid og aspekt saman. Desse teoriane testar eg ut med autentiske tekstdøme frå to korpora - Det russiske nasjonalkorpuset og RuN-korpuset, som er eit norsk-russisk parallellkorpus. Desse døma viser at ein må ta omsyn til heile konteksten til ei handling for å kunne seie noko om kva tyding Ipf har. Dette kjem tydeleg fram med såkalla degree achievement-verb, som eg argumenter for at i utgangspunktet er ateliske (ikkje har ei indre grense), men som kan få ei telisk tolking ut ifrå konteksten.