Abstract
Denne oppgåva i metaetikk, freistar å identifisera ein eller fleire relasjonar mellom lingvistiske uttrykk og vår førestelling om gildskap. Den gjev vidare ei vurdering av om denne relasjonen er til stades mellom lingvistiske uttrykk med eit moralsk innhald og vår førestellling om gildskap. Til saman er denne identifikasjonen og vurderinga, meint å skulle gje ein indikasjon på om vi kan tenkja oss gyldige moralske krav eller gyldige moralske argument.
Opppgåva identifiserar fylgjande tre gildskapsrelasjonar:
1) G. Freges semantiske relasjon: Sanningsverdi
2) C. Stevensons kausale relasjon: Disposisjon til kognisjon
3) J. Habermas`pragmatiske relasjon: Illokusjonær meining.
Berre ei talehandlings illokusjonære meining eller kraft gjev ei klar opning for at lingvistiske uttrykk med eit moralsk/normativt/regulativt innhald, står i ein relasjon til vår førestelling om gildskap.