Abstract
«Motesetnader» er ei undersøking av Gunnar S. Gundersens kunst i perioden 1950-1967, der ein særleg har lagt vekt på det motsetningsfylte forholdet mellom flate og rom, og figur og grunn. I denne avhandlinga har hovudmålet vore å kome fram til ei tolking av måleri og utsmykkingar laga av Gunnar S. i perioden 1950 67. Gjennom formal verksanalyse har eg lagt vekt på å nå fram til ei forståing av det motsetningsfylte i verka hans. Som metode har eg dukka ned på ulike tidspunkt i denne perioden og gjennomført komparative analysar av ulike verk som kunstnaren sjølv står bak. Men eg har også samanlikna kunsten hans med verk av andre kunstnarar i samtida og i tradisjonen han står i. Kunsten hans er sett inn i ein norsk og internasjonal kontekst.
Analysane viser at kunsten til Gunnar S. har sterke røter i pariserskolen og det konstruktive, konkrete miljøet i Paris etter andre verdskrigen. Men verka hans er ikkje minst influerte av den svenske konkretismen med tanke på det relative, tvitydige forholdet mellom flate og rom. I avhandlinga har eg synt at det er mogleg å tolke nokre av verka til Gunnar S. med utgangspunkt i gestaltpsykologien, særleg når det gjeld det konfliktfylte, skiftande og tvitydige forholdet mellom figur og grunn. Analysane avdekkjer at Gunnar S. er medviten om å nytte optiske verkemiddel i kunsten.
I perioden frå 1950 til 1967 var det ein sterk kontinuitet i kunsten hans, ikkje minst med tanke på motsetnadene mellom flate og rom, figur og grunn. Men i 1966-67 skjer det eit brott i utviklinga. I fleire måleri kan ein registrere eit djupare og meir dynamisk rom. Samtidig byggjer kunstnaren vidare på det relative og tvitydige rommet i mange verk. Ved dette tidspunktet vert formene også meir voluminøse og skulpturale, og i ein del verk kan uttrykket nærme seg det figurative. Ein kan tolke dette som eit brott med den nonfigurative kunsten som Gunnar S. var ein representant for. I 1966-67 kjem det ekspressive og naturlyriske uttykket sterkare fram i kunsten hans. Men analysane har avdekt at også fleire verk frå 1950-åra kan tolkast som naturlyriske.
Kunstverka til Gunnar S. er fulle av motsetnader og kontrastfylte spenningar. Motsetnadene viser seg på mange plan, som i det motsetningsfylte og konfliktfylte forholdet mellom orden og kjensler, ro og dynamikk. Hovudmålet med avhandlinga har likevel vore å granske det motsetningsfylte tilhøvet mellom figur/grunn og flate/rom i kunsten til Gunnar S.