Hide metadata

dc.date.accessioned2013-03-12T11:11:42Z
dc.date.available2013-03-12T11:11:42Z
dc.date.issued2008en_US
dc.date.submitted2008-05-05en_US
dc.identifier.citationMathisen, Eva Marie Meling. Kvinnepolitikk og kvinnearbeid i Norges Kommunistiske Parti (NKP) 1923-1930. Masteroppgave, University of Oslo, 2008en_US
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/10852/23708
dc.description.abstractFramstillinga har teke for seg kvinnepolitikk og kvinnearbeid i Norges Kommunistiske Parti (NKP) i perioden 1923–1930. NKP vart ved skipinga medlem i Den kommunistiske internasjonale, mest kjend under akronymet Komintern. Målsetnaden med opprettinga av Komintern var å laga ein revolusjonær verdsorganisasjon som skulle organisera kommunistpartia i dei ulike medlemslanda. Føremålet med framstillinga har vore todelt. Ho har analysert kva for makt Komintern hadde over utforminga av kvinnepolitikken i NKP, og drøfta i kva grad og korleis NKP responderte på avgjerdene frå Moskva. Dette har vorte gjort ved bruk av ein organisasjonsmodell som har hatt som mål å visa om NKP hadde eit handlingsrom for å setja i verk og utforma sin eigen kvinnepolitikk. For det andre har framstillinga gjeve eit meir dekkjande bilete av kvinnearbeidet i NKP i perioden 1923–1930 enn det historieforskinga har gjeve til no. Fokuset i framstillinga har vorte lagt primært på interaksjonen mellom Komintern og NKP, og sekundært på husmorlaga. Husmorlaga var såkalla front- eller masseorganisasjonar, der medlemmene i husmorlaga ikkje nødvendigvis var medlemmer i NKP. Regionale skilnader mellom Oslo-, Akershus- og Bergensområdet har vorte trekt inn i framstillinga. Gjennom tre fasar, sjølvstendefasen (1923–1924), bolsjeviseringsfasen 1925–1927) og ultravenstrefasen (1928–1930), har framstillinga synt at dei kvinnepolitiske organa i Komintern hadde svært liten kontroll og styring med den kvinnepolitiske utviklinga i det norske medlemspartiet. Dette opna opp for at NKP kunne prioritera innsats, fokus og politisk argumentasjon i ein politikk som var retta mot husmødrene, og ikkje dei kvinnelege industriarbeidarane som Komintern primært ynskte at NKP skulle arbeida for.nor
dc.language.isonnoen_US
dc.titleKvinnepolitikk og kvinnearbeid i Norges Kommunistiske Parti (NKP) 1923-1930en_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.date.updated2008-09-15en_US
dc.creator.authorMathisen, Eva Marie Melingen_US
dc.subject.nsiVDP::070en_US
dc.identifier.bibliographiccitationinfo:ofi/fmt:kev:mtx:ctx&ctx_ver=Z39.88-2004&rft_val_fmt=info:ofi/fmt:kev:mtx:dissertation&rft.au=Mathisen, Eva Marie Meling&rft.title=Kvinnepolitikk og kvinnearbeid i Norges Kommunistiske Parti (NKP) 1923-1930&rft.inst=University of Oslo&rft.date=2008&rft.degree=Masteroppgaveen_US
dc.identifier.urnURN:NBN:no-19679en_US
dc.type.documentMasteroppgaveen_US
dc.identifier.duo74255en_US
dc.contributor.supervisorÅsmund Eggeen_US
dc.identifier.bibsys082400903en_US
dc.identifier.fulltextFulltext https://www.duo.uio.no/bitstream/handle/10852/23708/1/master-oppgxve-Eva-Marie-Mathisen.pdf


Files in this item

Appears in the following Collection

Hide metadata