Abstract
Framstillinga har teke for seg kvinnepolitikk og kvinnearbeid i Norges Kommunistiske Parti (NKP) i perioden 1923–1930. NKP vart ved skipinga medlem i Den kommunistiske internasjonale, mest kjend under akronymet Komintern. Målsetnaden med opprettinga av Komintern var å laga ein revolusjonær verdsorganisasjon som skulle organisera kommunistpartia i dei ulike medlemslanda.
Føremålet med framstillinga har vore todelt. Ho har analysert kva for makt Komintern hadde over utforminga av kvinnepolitikken i NKP, og drøfta i kva grad og korleis NKP responderte på avgjerdene frå Moskva. Dette har vorte gjort ved bruk av ein organisasjonsmodell som har hatt som mål å visa om NKP hadde eit handlingsrom for å setja i verk og utforma sin eigen kvinnepolitikk. For det andre har framstillinga gjeve eit meir dekkjande bilete av kvinnearbeidet i NKP i perioden 1923–1930 enn det historieforskinga har gjeve til no.
Fokuset i framstillinga har vorte lagt primært på interaksjonen mellom Komintern og NKP, og sekundært på husmorlaga. Husmorlaga var såkalla front- eller masseorganisasjonar, der medlemmene i husmorlaga ikkje nødvendigvis var medlemmer i NKP. Regionale skilnader mellom Oslo-, Akershus- og Bergensområdet har vorte trekt inn i framstillinga.
Gjennom tre fasar, sjølvstendefasen (1923–1924), bolsjeviseringsfasen 1925–1927) og ultravenstrefasen (1928–1930), har framstillinga synt at dei kvinnepolitiske organa i Komintern hadde svært liten kontroll og styring med den kvinnepolitiske utviklinga i det norske medlemspartiet. Dette opna opp for at NKP kunne prioritera innsats, fokus og politisk argumentasjon i ein politikk som var retta mot husmødrene, og ikkje dei kvinnelege industriarbeidarane som Komintern primært ynskte at NKP skulle arbeida for.