Hide metadata

dc.date.accessioned2013-03-12T11:09:45Z
dc.date.available2013-03-12T11:09:45Z
dc.date.issued2002en_US
dc.date.submitted2002-11-04en_US
dc.identifier.citationBrandal, Nikolai. Eit politisk strafferettsleg oppgjer. Hovedoppgave, University of Oslo, 2002en_US
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/10852/23682
dc.description.abstractSjølvbiletet til ein nasjon er eit produkt av historia, kulturen og mytologien til nasjonen i vid forstand. Eit nasjonalt eller internasjonalt rettsoppgjer kan difor medvirke avgjerande til å forme korleis eit samfunn seg på seg sjølv, både gjennom informasjon som vert drege fram i lyset og gjennom dei juridiske og politiske vala som vert gjorde i oppgjeret med fortida. Det norske etterkrigsoppgjeret er framleis, 50 år etter, eit mykje diskutert tema i den norske offentlegheita. Temaet for denne oppgåva er å analysere haldingar i Arbeidarpartiet med omsyn til oppgjeret etter 2. verskrigen. Kva indre og ytre dynamikkar styrte dei vala som partiet gjorde i forhold til planlegging, gjennomføring og evaluering av oppgjeret? Ei viktig avgrensing har vore i forhold til resten av arbeidarrørsla, i hovudsak av pragmatiske årsaker; ein gjennomgang av heile arbeidarrørsla ville kort og godt sprengt rammene for ei hovudoppgåve. Tidsmessig er oppgåva avgrensa til den perioden då oppgjeret fann stad; 1945-50, men perspektivmessige har eg likevel trekt inn moment frå særleg perioden før og krigserfaringane, men også perioden etter. Det har også vore eit poeng å prøve å sjå etterkrigsoppgjeret i samanheng med andre politiske straumdrag i same perioden. Underliggjande i denne oppgåva ligg to perspektiv eller analytiske verktøy. For det første vert oppgjeret vurdert i ein samanheng med den generelle overgangen frå diktatur til demokratisk styresett, der rettsoppgjeret vart prega av at det også spelte ei viktig politisk rolle i restaureringa av den norske rettsstaten og demokratiske styresettet. I så måte var oppgjeret ei form for overgangsjustis; transitional justice. For det andre har eg lånt omgrep og synsvinklar frå jussen, særleg med omsyn til ordskiftet om rettferd og samfunnsnytte som avgjerande for rettsbruk. Det er likevel viktig å understreke at det grunnleggjande motivet i oppgåva ligg i å gje ei framstilling av indre og ytre samanhengar i perioden. Det er spennet mellom dei to omsyna ved etterkrigsoppgjeret; dei politiske og dei juridiske, som så treffande har vorte skildra som Eit politisk strafferettsleg oppgjer.nor
dc.language.isonnoen_US
dc.titleEit politisk strafferettsleg oppgjer : Det norske arbeidarpartiet og etterkrigsoppgjeret 1945-50en_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.date.updated2006-01-04en_US
dc.creator.authorBrandal, Nikolaien_US
dc.subject.nsiVDP::070en_US
dc.identifier.bibliographiccitationinfo:ofi/fmt:kev:mtx:ctx&ctx_ver=Z39.88-2004&rft_val_fmt=info:ofi/fmt:kev:mtx:dissertation&rft.au=Brandal, Nikolai&rft.title=Eit politisk strafferettsleg oppgjer&rft.inst=University of Oslo&rft.date=2002&rft.degree=Hovedoppgaveen_US
dc.identifier.urnURN:NBN:no-6772en_US
dc.type.documentHovedoppgaveen_US
dc.identifier.duo6885en_US
dc.contributor.supervisorØystein Sørensenen_US
dc.identifier.bibsys022945601en_US


Files in this item

FilesSizeFormatView

No file.

Appears in the following Collection

Hide metadata