Abstract
Sjølvbiletet til ein nasjon er eit produkt av historia, kulturen og mytologien til nasjonen i vid forstand. Eit nasjonalt eller internasjonalt rettsoppgjer kan difor medvirke avgjerande til å forme korleis eit samfunn seg på seg sjølv, både gjennom informasjon som vert drege fram i lyset og gjennom dei juridiske og politiske vala som vert gjorde i oppgjeret med fortida. Det norske etterkrigsoppgjeret er framleis, 50 år etter, eit mykje diskutert tema i den norske offentlegheita.
Temaet for denne oppgåva er å analysere haldingar i Arbeidarpartiet med omsyn til oppgjeret etter 2. verskrigen. Kva indre og ytre dynamikkar styrte dei vala som partiet gjorde i forhold til planlegging, gjennomføring og evaluering av oppgjeret? Ei viktig avgrensing har vore i forhold til resten av arbeidarrørsla, i hovudsak av pragmatiske årsaker; ein gjennomgang av heile arbeidarrørsla ville kort og godt sprengt rammene for ei hovudoppgåve. Tidsmessig er oppgåva avgrensa til den perioden då oppgjeret fann stad; 1945-50, men perspektivmessige har eg likevel trekt inn moment frå særleg perioden før og krigserfaringane, men også perioden etter. Det har også vore eit poeng å prøve å sjå etterkrigsoppgjeret i samanheng med andre politiske straumdrag i same perioden.
Underliggjande i denne oppgåva ligg to perspektiv eller analytiske verktøy. For det første vert oppgjeret vurdert i ein samanheng med den generelle overgangen frå diktatur til demokratisk styresett, der rettsoppgjeret vart prega av at det også spelte ei viktig politisk rolle i restaureringa av den norske rettsstaten og demokratiske styresettet. I så måte var oppgjeret ei form for overgangsjustis; transitional justice. For det andre har eg lånt omgrep og synsvinklar frå jussen, særleg med omsyn til ordskiftet om rettferd og samfunnsnytte som avgjerande for rettsbruk. Det er likevel viktig å understreke at det grunnleggjande motivet i oppgåva ligg i å gje ei framstilling av indre og ytre samanhengar i perioden. Det er spennet mellom dei to omsyna ved etterkrigsoppgjeret; dei politiske og dei juridiske, som så treffande har vorte skildra som Eit politisk strafferettsleg oppgjer.