Abstract
Oppgåva er ein analyse av ideologisk leiarskap i den norske ml-rørsla i perioden 1965-1980. Analysen femnar om den tidlege "maoiseringa" av Sosialistisk Ungdomsforbund (SUF) i åra 1965-1968; prosessen fram mot skipinga av Arbeidernes Kommunistparti (marxist-leninistene), AKP (ml), 1969-1973; "oppgjeret med høgreavviket" 1975-1976; og "partikampen" i AKP (ml) 1979-1980. Oppgåva analyserer særleg rolla til marxismen-leninismen Mao Zedong si tenking i etableringa og utviklinga av ml-rørsla, og relasjonen mellom leiarskap og ideologi i denne prosessen.