Sammendrag
Samandrag
Denne oppgåva handlar om ungdom på ein vidaregåande skule i Oslo, og er basert på eit seks månadar langt feltarbeid ved denne skulen. Temaet for oppgåva er ungdommane si handtering av dei ulikskapane og det mangfaldet som finst mellom elevane på skulen, og korleis dette kan setjast i samanheng med ungdommane sine utdanningsval og framtidsplanar.
Ungdommane forfekta individualisme og valfridom, og eg syner at dette kan vere ein måte å handsame kompleksitet på. Idealet om å vere eit ”fritt menneske” kom særleg til uttrykk i elevane sine utdanningsplanar og ynskjer for framtida. Eg hevdar at dette idealet er knytt til visse posisjonar, og at det dermed er nokre som framstår som meir ”ufri” enn andre.
Sosiale kategoriar som kjønn, etnisitet og sosial klasse synte seg empirisk viktige for å forstå korleis informantane oppfatta seg sjølve og andre. Eg har nytta teoretiske perspektiv på korleis ein kan analysere sosiale kategoriar i samspel, for fullt ut å forstå kompleksiteten som ligg i desse kategoriane. Mot slutten av oppgåva analyserer eg fire konkrete utdanningsval. Her diskuterer eg individet sitt frie val kontra føringar som sosiale kategoriar kan legge, kombinert med eit teoretisk perspektiv på kategoriar i samspel.