Abstract
Oppgåva tek føre seg den kommunale skogbruksbedrifta slik den har vokse fram i ein kommune i Sør-Mexico. I 26 år var folket i Capulálpam de Méndez hindra i å nytte seg av skogressursane sine som var konsersjonerte vekk til ein papirfabrikk i same delstat. Kommunen kjempa gjennom fleire år for å få tilbake retten til heile sitt territorie og retten til å kunne forvalte og nyttegjere seg av eigne skogressursar og har i etterkant utnytta seg av regionale marknadsmoglegheiter og desentraliseringspolitikken til staten til å utvikle lokal industri.
Gjennom ei visjon om bærekraftig utvikling har kommunen utvikla ein forvaltingsorganisasjon og fleire kommunale bedrifter som tilnærmer seg ein neoliberal marknad basert på fellesressursar (Common-pool Resources). Kommunen som samla produksjonseinig utgjer gjennom desse produksjonseiningane ein korporativ bedriftsorganisasjon. Bedriftsorganiseringa tilfører slik kommunen som samfunn ein ny økonomisk struktur der kommunen si bedriftsinntekt er med på å utvikle offentlege fasilitetar og gje sysselsetjing.
Eg ser i denne oppgåva på korleis ei privat konvensjonell bedriftsform er tilpassa kontekstuelle høve og kva utfordringar den møter som mediator mellom fellesressursar og marknaden. Dei institusjonelle organisasjonsformene er i endring i kommunen og eg viser korleis ei kompleks bedrift sine krav til administrering gjev problem for desse organiseringsformene, og korleis dette etterkvart fører til institusjonell endring.