Sammendrag
Denne oppgåva diskuterer korleis norske muslimske ungdommar tenker kring sin identitet som norsk muslim. Oppgåva tar føre seg korleis eit bilete av eigen identitet blir skapt i eit samspel mellom sjølvtilskriving og eksterne tilskrivingar, der makt blit knytt til identiteten gjennom kollektive forståingar av sosiale kategoriar si tyding. Slik blir ogå førestillingar om "kven ein er" avgjerande for individet sine moglegheiter til å handle. Oppgåva viser korleis ungdommane sjølv har ein aktiv rolle i å forme tydinga av dei sosiale kategoriane dei inngår i gjennom eit medvite identitetsarbeid som utfordrar eksisterande kollektive førestillingar.