Sammendrag
Bruk av hijab har ført til kontroversar over heile Europa, og myndigheitene må finne måtar å handtere konfliktar som har kome opp på grunn av det muslimske hovudplagget. Ulike tilnærmingar har vorte valt. Ei todelt problemstilling knytt til desse kontroversane vert diskutert i oppgåva: Korleis vert bruk av hijab representert i den partipolitiske diskursen i Noreg og Danmark? Og korleis vert medborgarskapet til muslimske kvinner med hijab konstruert i den partipolitiske diskursen?
Utgangspunktet for analysen er forslag, sett fram av Framstegspartiet (FrP) og Dansk Folkeparti (DF), om forbod mot bruk av hijab. Forslaga vart ikkje vedtatt, og i dag finn ein ikkje offentlege reguleringar av bruk av hijab i dei to landa. I oppgåva vert forslaga og den partipolitiske diskursen rundt desse, analysert i lys av kva haldningar dei politiske partia har til bruk av hijab, og korleis medborgarskapet til muslimske kvinner vert konstruert i diskursen. Korleis integrasjon, likestilling og religion formar diskursen står sentralt.