Sammendrag
Basert på kjelder og litteratur tilgjengeleg i nordiske, japanske og koreanske bibliotek og ein del kinesiske og amerikanske primære kjelder, analyserer oppgåva den amerikanske og den kinesiske intervensjonen i Koreakrigen. Eg analyserer statanes handlemåtar ut frå teorien om gruppebeslutning, spelteori og Jervis' avskrekkingsmodell og spiralmodell.
I denne hovudoppgåva har eg forsøkt å forklare fire handlingar som USA og Kina utførte i Koreakrigen i året 1950. Det har eg gjort ved særleg å gjere greie for desse to aktøranes problemsituasjon i form av dei mål og oppfatningar dei hadde. Først gjer eg greie for desse aktørane sine grunnleggande sikkerheitspolitiske mål og trusseloppfatningar frå perioden 1946-50 som gjaldt Aust-Asia. Desse måla og oppfatningane la grunnlaget for vedtaka dei fatta i 1950. Så analyserer eg korleis måla og oppfatningane til dei nasjonale leiarane blei aggregerte då USA og Kina vedtok å intervenere i Koreakrigen i respektive juni og oktober dette året. Endeleg framstiller eg korleis interaksjonen mellom desse to statane følgde av desse elementa då USA vedtok å krysse den 38. breiddegraden i oktober 1950 og då Kina gjekk til angrep på USA under USAs offensiv i Nord-Korea i november det same året.