Abstract
VERDIAR I NORDEN, SKANDINAVISK SOSIALDEMOKRATI, FINSKE KONFLIKTER.
Dette er ei oppgåve innafor komparativ politisk analyse. Temaet er verdiar i dei nordiske land. Formålet med oppgåva har vore å prøve mine eigne to hypotesar om årsakene til at ein finn markante forskjellar i verdiprioritering mellom dei nordiske land. Den eine hypotesa går ut på at generasjonsforskjellane når det gjeld verdiprioriteringar truleg er større i Sverige enn i dei andre nordiske land, fordi sosialdemokratane har stått sterkare i Sverige enn i dei andre landa. Den andre hypotesa går ut på at finnane truleg prioriterer såkalla "liberale" verdiar høgare enn andre folk i Norden, fordi den finske samfunnsutviklinga har vore mykje sterkare prega av krig og sosial og politisk konflikt, enn utviklinga i dei andre nordiske land. Ideane til desse hypotesane fekk eg etter å lest om Oddbjørn Knutsen sine funn om verdiar i Norden. Eg har lagt vekt på å gjere mine eigne statistiske analysar. Med data frå verdiundersøkingane som vart gjennomført i dei nordiske land, med unnatak for Island, i 1981-82, har eg kjørt faktoranalyse med 22 variablar, laga verdiindeksar, funne nasjonale gjennomsnitt for desse indeksane, og korrelasjonar mellom indeksane og dei bakanforliggande variablane utdanning, alder og kjønn. (SPSS). Presentasjonen av dei statistiske analysane og drøftinga av resultata kjem til slutt i oppgåva og tar omlag 35 sider.
Det teoretiske grunnlaget for oppgåva er i hovudsak henta frå Ronald Inglehart, Scott Flanagan og Milton Rokeach. Omgrep som "materialistisme", "post-materialisme", "autoritære og liberale verdiar" og "verdidimensjon", står sentralt i denne teoretiske debatten. Den teoretiske framstillinga tar omlag 35 sider av oppgåva. Som bakgrunnsmateriale for den første hypotesa har eg brukt omlag 40 sider av oppgåva til ei samanlikning av sosialdemokratia i Sverige, Danmark og Norge, med hovudvekt på Sverige. Litt over 20 sider er brukt til ei framstilling av den økonomiske og politiske utviklinga i Finland i dette hundreåret, som bakgrunn for den andre hypotesa.
Oppgåva konkluderer med at eg finn lite støtte i det empiriske materialet for den første hypotesa, medan eg meiner at resultata støtter opp om den andre hypotesa.