Sammendrag
EIN STUDIE AV NORGE SINE BESLUTNINGAR OVERFOR GATT SIN MULTIFIBERAVTALE, I, II OG III.
Oppgåva sitt utgangspunkt er at det internasjonale frihandelssystemet kan etablere goder som den enkelte stat kan ha tilskundingar til å unndra seg pliktene ved å oppretthalde.
Oppgåva sitt tema er, ut fra dette, statar sine grunnar til å tilslutte seg/avstå frå internasjonale avtalar. Med dette utgangspunktet er det gjort ein studie av Norge sine varierande beslutningar overfor forskjellege utgåver av GATT sin Multifiberavtale.
Den teoretiske reiskapen som er nytta for å gi struktur til stoffet er situasjonslogisk metode/spelteori. Ut frå eit spelteoretisk resonnement om kva vilkår som må vere til stades for at ein stat har interesse av å delta i eit samarbeid, er det utarbeidd ein modell. Denne er meint å skulle femne dei faktorane som ein stat må vurdere og ta omsyn til, konfrontert med ei utanrikspolitisk beslutning. Norge, ved regjeringa, sine argument i høve til anten å tilslutte seg eller avstå frå dei forskjellege reforhandla utgåvene av Mutlifiberavtalen, blir strukturerte og vurderte ut fra denne modellen.
Studien i oppgava er avgrensa til staten sine offisielle grunngiingar for å tilslutte seg/avstå frå avtalen.