Sammendrag
Interkommunale samarbeid er ei samarbeidsform mange norske kommunar nyttar seg av for løysing av kommunale oppgåver. Det er i dag ulike modellar for interkommunale samarbeid, og kommunane står såleis overfor val når det gjeld korleis dei ønskjer å organisere samarbeid på tvers av kommunegrenser. Blant anna må kommunane ta stilling til kor mykje styring og kontroll dei ønskjer å gje i frå seg av den kommunale tenesteproduksjonen, i forhold til kor mykje dei føler dei får igjen ved å samarbeide. Samarbeidsform kan påverke styringa og kontrollen kommunestyrerepresentantane har med samarbeida, og kan vidare påverke det lokale sjølvstyret. Kommunane står sjølve fritt til å velje korleis dei vil organisere samarbeid, og i siste instans er det kommunestyret som avgjer om samarbeidsavtale skal inngåast. Interkommunale samarbeid kan tenkast å by på ulike utfordringar for kommunestyrerepresentantar, og dette gjer det interessant å undersøke kva for utfordringar dei føler dei støyter på i samband med samarbeid.
Formålet med oppgåva har derfor vore å undersøke kva for utfordringar kommunestyrerepresentantar opplever i tilknyting til styring av interkommunale samarbeid, og korleis dette påverkar det lokale sjølvstyret. Oppgåva blei lagt opp som eit casestudie av Bø kommune i Telemark, med surveyundersøking som metode for innhenting av data. Bø er ein liten kommune som har inngått samarbeid med omkringliggande kommunar og som har nytta seg av ulike modellar for samarbeid. Oppgåva tek for seg hovudtrekka ved fire modellar for samarbeid. Dette er samarbeidsformer som Bø kommune har vald å vere med i, og blir derfor sett i samanheng med korleis kommunen har vald å organisere sine samarbeid.
Det teoretiske rammeverket for oppgåva bygger på Dahl og Tufte (1973) sine omgrep borgareffektivitet og systemkapasitet. Fokuset i oppgåva er derimot kommunestyrerepresentantar og ikkje borgarar, så omgrepet representanteffektivitet vil bli nytta i staden for borgareffektivitet. Antakinga er at interkommunale samarbeid vil føre til større systemkapasitet og mindre representanteffektivitet. Ulike politikarroller er bruka som mål på kor god representanteffektiviteten til kommunestyrerepresentantane er i interkommunale samarbeid, samstundes som effektivitet i hovudsak er nytta som mål på systemkapasitet. Svar frå surveyundersøking av kommunestyrerepresentantar i Bø kommune er grunnlaget for å kunne analysere om representantane føler at politikarrollene er vanskelegare å ta vare på i interkommunale samarbeid, og om representanteffektiviteten blir mindre og systemkapasiteten større i interkommunale samarbeid. Konklusjonen er at representanteffektiviteten til ei viss grad er svekka i interkommunale samarbeid, mens samarbeid ser ut til å auke systemkapasiteten til kommunen.
Samstundes har det vore aktuelt å sjå på korleis interkommunale samarbeid påverkar det lokale sjølvstyret. Interkommunale samarbeid har av mange blitt sett som ein trussel mot det lokale sjølvstyret og dei tre verdiane fridom, demokrati og effektivitet. Funn frå Bø kommune peikar i retning av at fridomen er tatt vare på ved at kommunen står fritt til sjølve å velje organisering for interkommunale tenester, og at det i siste instans er kommunestyret som vel om kommunen skal inngå samarbeid, og kva for samarbeidsform som skal veljast. Demokrativerdien kan knytast opp til kor mykje lokal styring og kontroll det politiske nivået må gje frå seg i interkommunale samarbeid. Omfanget av interkommunale samarbeid i norske kommunar utgjer som regel ein liten del av den samla tenesteproduksjonen til kommunane, og kan kanskje ikkje seiast å vere ein reell trussel mot demokrativerdien. Samstundes ser effektiviteten ut til å auke ved samarbeid. Dette gjer at det lokale sjølvstyret ikkje er einskapleg svekka av interkommunale samarbeid, men det er svekka i den grad kommunestyrerepresentantar ikkje lenger føler dei har styring med dei kommunale tenestene.