Sammendrag
Nordlands Beskrivelseav Petter Dass (også kjend som Nordlands Trompet, skriven mellom 1670 og 1700, utgjeven i 1739) vart oppfatta både som poesi og naturhistorie av dei fyrste lesarane av boka. Men i norsk litteraturhistorie har den naturhistoriske komponenten vorte underkommunisert. Korleis skjedde det? I denne artikkelen peikar eg på to grunnar: J.S. Welhavens definering av verket som folkedikting og måten termen «barokk» har vorte bruka på i norsk litteraturhistoriografi. I denne samanhengen undersøkjer eg resepsjonen av Nordlands Beskrivelse i litteraturhistorier frå dei siste hundre åra. Til slutt vil eg prøve å nærme meg den historiske kommunikasjons-situasjonen for Nordlands Beskrivelse. Her viser eg òg korleis Dass brukar det poetiske språket til å uttrykkje naturhistorisk kunnskap.