Hide metadata

dc.date.accessioned2013-03-12T09:20:52Z
dc.date.available2013-03-12T09:20:52Z
dc.date.issued2012en_US
dc.date.submitted2012-05-16en_US
dc.identifier.citationNilsen, Rannveig Baaserud. Å fly eller ikkje fly?. Masteroppgave, University of Oslo, 2012en_US
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/10852/13395
dc.description.abstractDenne masteroppgåva tek føre seg den norske offentlege responsen på askeskya våren 2010, og kva som kan forklare utviklinga og handteringa av krisesituasjonen som då oppstod. Under «askekrisa» vart heile det norske luftrommet umiddelbart stengt, men etter ei veke vart det vedtatt eit nytt lufromsregime som gjorde det mogleg å avvikle noko flytrafikk. Sentrale aktørar i denne situasjonar var dei offentlege myndigheitene, tekniske ekspertar og flyselskap. Oppgåva er bygd opp rundt fire forskingsspørsmål: Korleis vart krisesituasjonen umiddelbart handtert av norske myndigheiter? Korleis definerte ulike aktørane krisa? Kva kjenneteikna avgjerdsprosessen mot eit nytt luftromsregime? Og kva kan forklare utviklinga og handteringa av krisa som oppstod? I kriseteorien er det vanleg å dele kriser inn i fem fasar: kriseerkjenning, kriseavgjerd, krisekommunikasjon, kriseavslutning og læring. Desse fasane er utgangspunktet for å svare på dei første tre spørsmåla. Denne oppgåva viser at krisesituasjonen vart handtert ulikt av norske myndigheiter på kort og lang sikt. Oppgåva viser også at fleire av dei som umiddelbart hadde støtta opp om myndigheitene, etter kort tid sat spørsmålsteikn ved legitimiteten til den opphavlege responsen. Vidare viser oppgåva at ulike aktørar definerte krisa ulikt, og at kva som vart sett på som den mest akutte utfordringa varierte med deira eigne interesser. Avgjerdsprosessen mot eit nytt luftromsregime var kjenneteikna av at ulike aktørar kjempa om definisjonsmakta og at myndigheitene vart utsette frå press også frå EU. Prosessen hadde også teikn til «blame games». For å forklare denne utviklinga og handteringa av krisesituasjonen, tek eg utgangspunkt i organisasjonsteori. Svara på dei første tre spørsmåla vert analysert frå to variantar av eit instrumentelt perspektiv, frå eit kulturperspektiv og frå eit omgivnadsperspektiv. Oppgåva viser at desse har størst forklaringskraft aleine i ulike fasar av krisa. Kriseerkjenningsfasen kan best forklarast frå eit instrumentelt perspektiv ved at ein her handla i tråd med etablerte strukturar. Krisekommunikasjonsfasen vert betre forklart frå eit kulturperspektiv, ved at dei ulike aktørane handla ut frå differensierte handlingslogikkar og difor definert krisa på ulikt vis. Kriseavgjerds- og avslutningsfasen kan best forklarast frå eit omgivnadsperspektiv. I denne fasen vart luftromsregimet endra og luftrommet opna igjen, og at norske myndigheiter på denne måten endra sin respons kan sporast tilbake til press frå både tekniske og institusjonelle omgivnadar og ønske om legitimitet. Analysen tek sjølvsagt også høgde for at biletet ikkje var så enkelt, og ein komplementær bruk av ulike organisasjonsteoretiske perspektiv ligg til grunn for den siste delen av analysen. Askekrisa i 2010 illustrer fleire viktige poeng. For det første at i situasjonar der årsaka til ein krisetilstand er teknisk – i tydinga ikkje-politisk, men løysinga av nødvendighet må vere politisk, er utsiktene til konflikt større på grunn av at ulike kulturar her møtest. For det andre at organisering er av stor betydning for kor vellykka krisehandteringa er – samtidig som ein ikkje kan «organisere bort» utfordringane i krisetid og også må ta omsyn til både kultur og kontekst. Løysinga er ofte å ha gode rammer rundt krisene, og moglegheiter for fleksibel handtering innan desse faste strukturane.nor
dc.language.isonnoen_US
dc.titleÅ fly eller ikkje fly? : Om norske offentlege myndigheiter sin respons på askeskya våren 2010en_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.date.updated2013-01-31en_US
dc.creator.authorNilsen, Rannveig Baaseruden_US
dc.subject.nsiVDP::240en_US
dc.identifier.bibliographiccitationinfo:ofi/fmt:kev:mtx:ctx&ctx_ver=Z39.88-2004&rft_val_fmt=info:ofi/fmt:kev:mtx:dissertation&rft.au=Nilsen, Rannveig Baaserud&rft.title=Å fly eller ikkje fly?&rft.inst=University of Oslo&rft.date=2012&rft.degree=Masteroppgaveen_US
dc.identifier.urnURN:NBN:no-32018en_US
dc.type.documentMasteroppgaveen_US
dc.identifier.duo162855en_US
dc.contributor.supervisorTom Christensenen_US
dc.identifier.bibsys130560855en_US
dc.identifier.fulltextFulltext https://www.duo.uio.no/bitstream/handle/10852/13395/1/MA_Nilsen_Rannveig_Baaserud.pdf


Files in this item

Appears in the following Collection

Hide metadata