Hide metadata

dc.contributor.authorHarestad, Anna
dc.date.accessioned2022-09-08T22:02:59Z
dc.date.available2022-09-08T22:02:59Z
dc.date.issued2022
dc.identifier.citationHarestad, Anna. Mangelfull algebrakompetanse som hinder for utvikling av matematisk forståing: Ein kvalitativ studie av R2-elevar sin algebrakompetanse. Master thesis, University of Oslo, 2022
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/10852/96352
dc.description.abstractTidlegare forsking tyder på at elevar i Noreg har utfordringar tilknytt algebra (Grønmo, Hole, et al., 2017; Mullis et al., 2016a, 2016b). Til dømes viser resultat frå TIMSS Advanced at elevar i matematikk R2 skårar dårlegare i fagområdet algebra enn i andre matematiske områder (Mullis et al., 2016b). Resultata seier mindre om korleis algebrakompetansen påverkar elevane i utvikling av matematikkforståing. Med bakgrunn i dette har eg i denne studien studert følgjande problemstilling: «Korleis kan algebrakompetansen til elevar i matematikk R2 påverka deira mogelegheiter til å utvikla matematisk forståing?». Problemstillinga vert svara på gjennom tre forskingsspørsmål som omhandlar 1) elevane si forståing for algebraisk symbolbruk, 2) elevane si forståing for transformativ algebra og 3) følgjer av elevane si algebraforståing i møte med bevis. Tilnærminga til studien er kvalitativ, og datamaterialet bestod av eit skrifteleg elevarbeid og djupneintervju med artefaktar. Det skriftelege elevarbeidet var svar på eit oppgåvesett, og 16 elevar i matematikk R2 svara på dette. Djupneintervjua vart gjennomført med 4 av desse elevane, der oppgåvesettet og svaret på det var brukt som artefaktar. I denne studien fann eg fleire indikasjonar på at informantane hadde mangelfull forståing for bruken av variablar, parameterar og konstantar. I tillegg fann eg fleire indikasjonar på mangelfull og instrumentell forståing for transformativ algebra. Vidare kunne det sjå ut som at forskingsdeltakarane si mangelfulle forståing kunne hindra dei i å forstå bevis. Ut frå de nemnde funna, teori og tidlegare forsking svara eg på problemstillinga. Resultata tyda på at mangelfull algebrakompetanse kan hindra elevar til å utvikla forståing for matematiske tema i matematikk R2. Vidare kan desse resultata ha ein overføringsverdi, men fordi utvalet ikkje er representativt kan ikkje funna generaliserast (Gleiss & Sæther, 2021, s. 207; Thagaard, 2018, s. 181-182).nno
dc.language.isonno
dc.subject
dc.titleMangelfull algebrakompetanse som hinder for utvikling av matematisk forståing: Ein kvalitativ studie av R2-elevar sin algebrakompetansenno
dc.typeMaster thesis
dc.date.updated2022-09-09T22:01:00Z
dc.creator.authorHarestad, Anna
dc.identifier.urnURN:NBN:no-98895
dc.type.documentMasteroppgave
dc.identifier.fulltextFulltext https://www.duo.uio.no/bitstream/handle/10852/96352/11/Masteroppga-ve_Anna_Harestad.pdf


Files in this item

Appears in the following Collection

Hide metadata