Abstract
Bakgrunn: Nasjonale retningsliner anbefaler helseverksemder med omsorg for personar med demens å innføre rutinar for personsentrert omsorg og behandling. Det finns lite forsking på korleis personsentrert omsorg kjem til uttrykk i ein heimesjukepleiekontekst. Mål: Utforske korleis heimesjukepleiarar erfarer at personsentrert omsorg kjem til uttrykk i arbeidskvardagen, og kva som fremjar og hemmar personverdet til pasient og pleiar. Metode: Fokusgruppeintervju var datainnsamlingsmetoden. Utvalet blei rekruttert frå to distriktskommunar på vestlandet. Totalt ni sjukepleiarar fordelt på to grupper, i alderen 31-59 år, og med 5-23 års heimesjukepleieerfaring deltok. Det blei gjennomført tematisk analyse. Resultat: Sjukepleiarane opplevde relasjonelt arbeid som nødvendig for å kome i hjelpeposisjon. Kjennskap til livshistoria, felles refleksjon og rause vedtak gjorde dette mogleg. Oppgåveorientert tilnærming, og manglande kompetanse og fleksibilitet på tvers braut ned personverdet til både pleiar og pasient. Konklusjon: Studien gjev kunnskap om korleis personverdet til pleiar og pasient kan bli fremja og hemma av heimesjukepleiekonteksten.
Background: National guidelines recommends health services in care for people with dementia to introduce routines for person-centered care and treatment. Research on how person-centered care is expressed in home care nursing contexts is scarce. Goal: To explore how nurses experience person-centered care in everyday work, focusing on ensuring the personhood of patient and nurse. Method: Nine nurses from two municipalities in western Norway, aged 31-59 years, and with 5-23 years of experience from home care services participated in two separate focus group interview. Thematic analysis was performed. Result: The nurses considered relational work as essential to get access to the patient. Knowledge of life history, joint reflection and generous formal decision made this possible. Task-oriented approach, lack of competence and flexibility broke down the personhood of both nurse and patient. Conclusion: The study provides knowledge about how to sustain the personhood of the nurse and patient in home nursing contexts.