Hide metadata

dc.contributor.authorStavseng, Kristofer Olai Ravn
dc.date.accessioned2021-10-18T22:00:17Z
dc.date.issued2021
dc.identifier.citationStavseng, Kristofer Olai Ravn. Norsk pandemiretorikk – ei undersøking av talens funksjon i ei nasjonal krise. Master thesis, University of Oslo, 2021
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/10852/88969
dc.description.abstractI denne oppgåva blir vi kjend med ein bestemt type tale i norsk politikk som sjeldan blir sett under lupa. Dette er talar som blir framført av statsrådar under krisetid. Ein slik tale har fleire føremål. I talen skal retor definere krisa, forklare alvoret, gi relevant og utfyllande informasjon, oppmode folket til handling – og ikkje minst gi håp. Dette er ein annan type tale enn dei vi typisk ser på i norsk politisk retorikk. Dette er ikkje talar der ein folkevald freistar flytte røyster eller ber om fornya tillit. Desse talane går frå staten til innbyggarane – ikkje frå politikarane til veljarane. I oppgåva undersøker eg kva talens funksjon er i det statlege kommunikasjonsarbeidet, nærmare bestemt under covid-19-pandemien. Oppgåva legg vekt på to sider av dette, der summen av dei gir svaret på kva talens funksjon er: 1) Taleskrivaren. Det er ikkje noko nytt at talar framført av statsrådane er skrivne av andre personar. Likevel er taleskrivarrolla relativt nytt i norsk samanheng. Frå å ha vore ei av fleire oppgåver blant fagbyråkratar, har taleskrivinga utvikla seg til å bli ein særeigen type kommunikasjonsarbeid i departementet. Som byråkrat skal taleskrivaren ikkje vinne val for politikaren, men formidle politikken til statsråden. Taleskrivaren har ansvaret for at talens funksjon blir oppfylt. Dette gjeld både å forstå statsrådens rolle, situasjonen, publikummet og tiltaka – og skrive inn desse i talane. Talen blir til i eit samarbeid mellom politisk leiing og fagavdelingar, der taleskrivaren har ei forhandlarrolle. Dette blir sett lys på gjennom intervju med fire departementale taleskrivarar. 2) Talane. Oppgåva tar for seg seks av dei såkalla korona-talane. Dei som er valt ut har anten vore viktige for å informere om tiltak og restriksjonar, eller fordi dei har interessante retoriske funn. Dei dekker ulike aspekt ved pandemien. Talane har blitt framført under regjeringas pressekonferansar, der det har vore viktig for regjeringa å gi informasjon til folket. Desse pressekonferansane har då òg fått mykje merksemd, til dømes gjennom direkte-streaming på nettaviser. Det interessante her er at pressekonferansane ikkje berre er ein stad for journalistar å stille spørsmål, men ein viktig plattform der statsrådane kan tale til folket. Ved å undersøke desse inngangane, finn vi at talens funksjon frå stat til borgar i ei nasjonal krise er å gi retoren, ved hjelp av taleskrivaren, eit verktøy for å formidle ein kompleks og nyansert bodskap. I tillegg er det å tale ein sosial praksis som kan bygge tillit og fellesskap mellom folk og styresmakter i møte med krisa.nno
dc.language.isonno
dc.subjectghostwriting
dc.subjecttaleskriving
dc.subjectRetorikk
dc.subjectkorona
dc.titleNorsk pandemiretorikk – ei undersøking av talens funksjon i ei nasjonal krisenno
dc.typeMaster thesis
dc.date.updated2021-10-18T22:00:17Z
dc.creator.authorStavseng, Kristofer Olai Ravn
dc.date.embargoenddate3021-07-12
dc.rights.termsKLAUSULERING: Dokumentet er klausulert grunnet lovpålagt taushetsplikt. Tilgangskode/Access code C
dc.identifier.urnURN:NBN:no-91589
dc.type.documentMasteroppgave
dc.rights.accessrightsclosedaccess
dc.identifier.fulltextFulltext https://www.duo.uio.no/bitstream/handle/10852/88969/1/thesis.pdf


Files in this item

Appears in the following Collection

Hide metadata