Hide metadata

dc.contributor.authorTorsnes, Bergithe
dc.date.accessioned2021-10-18T22:00:04Z
dc.date.available2021-10-18T22:00:04Z
dc.date.issued2021
dc.identifier.citationTorsnes, Bergithe. Høyrselsnedsett ungdom og deira kommunikative relasjon til nærpersonar. Master thesis, University of Oslo, 2021
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/10852/88966
dc.description.abstractSamandrag Etter kvart som samtalen tek over for leiken, frå ti til tolv-årsalderen og oppover, er det ein sosial realitet at dei som skal delta må ha ei viss grad av kommunikativ kompetanse (Grønlie, 2005). Føremålet med denne masteroppgåva er å undersøkja korleis høyrselsnedsette ungdommar utviklar kommunikative ferdigheiter, og i kva grad desse ferdigheitene påverkar ungdommane si evne til å skapa reelle relasjonar med nærpersonar. Studien fokuserer særleg på i kva grad ferdigheitene påverkar ungdommane sine relasjonar med jamgamle. Følgjande problemformulering vert forsøkt svart: Korleis utviklar høyrselsnedsett ungdom kommunikative ferdigheiter, og i kva grad påverkar ferdigheitene deira relasjonsbygging med nærpersonar? Studien legg til grunn kvalitativ metode med utgangspunkt i tre kvalitative semistrukturerte forskingsintervju. Alle intervjua vart gjennomført ein-til-ein med informantar som alle er føresette til ein ungdom med høyrselsnedsetting. Intervjua vart teken opp med diktafon-appen og transkribert. Med ei fenomenologisk tilnærming vart det nytta meiningskoding for å systematisera og analysera datamaterialet. Studien er meldt inn til NSD og gjennomført i tråd med etiske retningslinjer for forskingspraksis. Resultata frå studien viser at dei høyrselsnedsette ungdommane alle har eit relativt bra språk, men reduserte kommunikative ferdigheiter på enkelte område. Alle ungdommane har gode familierelasjonar, men deira svekka kommunikative ferdigheiter har gjort det utfordrande for ungdommane å delta aktivt i miljø med jamgamle. Som ein konsekvens av dette har ungdommane ingen nære venerelasjonar verken i høyrande eller ikkje-høyrande miljø. Studien konkluderer med at høyrselsnedsette ungdommar i stor grad utviklar kommunikative ferdigheiter på lik linje som typisk utvikla barn, men at utviklingsprosessen har behov for ei kontinuerleg ytre oppfølging og tek lengre tid. Ungdommane frå studien har i dag eit generelt godt talespråk, men enkelte språklege vanskar. Vidare kan det sjå ut til at dei reduserte kommunikative ferdigheitene påverkar ungdommane si relasjonsbygging med nærpersonar i negativ retning. Det er likevel behov for ytterlegare forsking i emnet for å kunna dra omfattande konklusjonar.nno
dc.language.isonno
dc.subject
dc.titleHøyrselsnedsett ungdom og deira kommunikative relasjon til nærpersonarnno
dc.typeMaster thesis
dc.date.updated2021-10-18T22:00:03Z
dc.creator.authorTorsnes, Bergithe
dc.identifier.urnURN:NBN:no-91581
dc.type.documentMasteroppgave
dc.identifier.fulltextFulltext https://www.duo.uio.no/bitstream/handle/10852/88966/1/SPED4091-Torsnes.pdf


Files in this item

Appears in the following Collection

Hide metadata