Hide metadata

dc.contributor.authorHafsås, Mari
dc.date.accessioned2021-10-07T22:00:44Z
dc.date.available2021-10-07T22:00:44Z
dc.date.issued2021
dc.identifier.citationHafsås, Mari. «– Ikkje faen! eller: – Din pikk.» Ei feministisk undersøking av korleis dei ulike kvinnelege karakterane i Få meg på, for faen og Yt etter evne, få etter behov av Olaug Nilssen tematiserer forventningar til kvinnerolla.. Master thesis, University of Oslo, 2021
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/10852/88831
dc.description.abstractMålet med denne studien er å vise at Olaug Nilssen tematiserer forventningar til kvinnerolla i samfunnet gjennom dei kvinnelege karakterane i Få meg på, for faen (2005) og Yt etter evne, få etter behov (2020). Dette svarar eg på gjennom å analysere tre kvinnelege karakterar frå kvar roman, for så å drøfte om dei kan representere feminisme som ein raud tråd i forfattarskapen til Nilssen. Lesinga bygger på måten Simone de Beauvoir forstår kvinna som underlagt patriarkalske strukturar. Vidare brukar eg omgrep frå Sara Ahmed, klamme tema og eigenvilje, for å vise korleis Nilssen tematiserer desse strukturane. Eg brukar omgrep frå Rita Felski til å undersøke kva aspekt ved karakterane til Nilssen som kan appellere til lesaren, og korleis dette er knytt til den feministiske litteraturtradisjonen. Problemstillinga er: «Olaug Nilssen tematiserer forventningar til kvinnerolla i samfunnet gjennom dei kvinnelege karakterane sine i Få meg på, for faen og Yt etter evne, få etter behov.» Analysen viser at Nilssen gjer dette gjennom å skildre mange forskjellige, og vanlege kvinner på ein kvardagsleg måte. Ho brukar ofte ironi og humor, gjerne kombinert med burleske og parodiske skildringar. Ingen av dei kvinnelege karakterane har heilstøypte identitetar. At dei ikkje får til å vere kvinnelege nok, rettskafne nok, ærlege nok, bygger under lesinga av dei kvinnelege karakterane som del av eit feministisk prosjekt. Nilssen gir ikkje noko eintydig svar, og heller ikkje noka løysing, men rettar søkelyset mot hol i sjølvsagde sanningar rundt kvinnerolla.nno
dc.language.isonno
dc.subject
dc.title«– Ikkje faen! eller: – Din pikk.» Ei feministisk undersøking av korleis dei ulike kvinnelege karakterane i Få meg på, for faen og Yt etter evne, få etter behov av Olaug Nilssen tematiserer forventningar til kvinnerolla.nno
dc.typeMaster thesis
dc.date.updated2021-10-07T22:00:44Z
dc.creator.authorHafsås, Mari
dc.identifier.urnURN:NBN:no-91449
dc.type.documentMasteroppgave
dc.identifier.fulltextFulltext https://www.duo.uio.no/bitstream/handle/10852/88831/1/Hafs-s--2021-.pdf


Files in this item

Appears in the following Collection

Hide metadata