Hide metadata

dc.contributor.authorHeyerdahl, Lars Slåen
dc.date.accessioned2021-09-22T22:00:07Z
dc.date.available2021-09-22T22:00:07Z
dc.date.issued2021
dc.identifier.citationHeyerdahl, Lars Slåen. Hamsun som mytologist - Helten, Bastarden og Narren I Æventyrland. Master thesis, University of Oslo, 2021
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/10852/88314
dc.description.abstractI denne avhandlinga freistar eg å sjå Knut Hamsun og reiseskildringa hans I Æventyrland i eit nytt ljos: med utgangspunkt i Roland Barthes’ Mythologies og korleis han der analyserer og definerer borgarskapsmyten. Ved å sjå både reiseskildringa og teoriar knytt til reiselitteratur, orientalisme og lått skal eg utforske klassemedvettet hjå Knut Hamsun og hans litterære konstruksjon i reiseskildringa si, der fakta møter fiksjon og sanninga møter lygna. Slik borgarskapsmyten av Barthes er skildra som ein brytekamp, slik er òg reiseskildringa til Hamsun ein brytekamp: det er tre Hamsun’ar som møter mytane og mytologien som den aksepterande, kritiske og dynamiske mytologisten, som i møte med Det Andre, i framstillinga av seg sjølv, i tilhøvet til reisefølgjet og handsaminga av forma for tekst og reise, ender i ein real brytekamp med kvarandre. Ved å sjå på reiseskildringa som ein brytekamp, ser eg òg på reiseskildringa som ei samling mytar der forteljaren freistar å skape mytar gjennom sine tre roller undervegs: «Helten», Bastarden og Narren. «Helten» hiv seg hovudstups og aksepterande inn i mytane og møter fare og sensasjon på parodisk vis, Bastarden stiller med ein fot i arbeidarklassa og ein fot i borgarskapet og stiller seg kritisk til den forvrenginga borgarskapsmyten står for medan Narren både låtteleggjer seg sjølv, borgarskapet og blir korrigert og gjort til narr av reisefølgjet sitt – denne representanten for borgarskapet, og slik har eit dynamisk tilhøve til mytologien gjennom sitt doble klassemedvett. Det er fasade, skodespel, teater, gestar og gjøgleri i det som kan minne om ein sosial maskerade der verda er snudd på hovudet, og forteljaren gjennom sitt froskeperspektiv rettar kritikken sin mot borgarskapet. Ved å sjå på teoriane til Edward Said kring orientialisme og Aust-Vest-dikotomien som ein eigen myte i borgarskapsmytologien, ser vi korleis denne reiseskildringa er noko meir enn berre eit reint orientalistisk verk, det handlar like mykje om ein klassedikotomi mellom arbeidarklassa og borgarskapet – med utgangspunkt i det norske samfunnet Knut Hamsun levde kring førre hundreårsskifte. Slik får denne avhandlinga ein sosiologisk innfallsvinkel, så vel som ein lingvistisk, i det som er ein fransk teoricocktail der Roland Barthes og Pierre Bourdieu analyserer det franske klassesamfunnet, og Edward Said, Henri Bergson og Mikhail Bakhtin byggjer sine teoriar kring orientalisme og lått på fransk kultur og litteratur.nno
dc.language.isonno
dc.subjectreiselitteratur
dc.subjecthumor
dc.subjectreiseskildring
dc.subjectorientalisme
dc.subjectBarthes
dc.subjectBakhtin
dc.subjectI Æventyrland
dc.subjectklassebevissthet
dc.subjectHamsun
dc.subjectmytologi
dc.titleHamsun som mytologist - Helten, Bastarden og Narren I Æventyrlandnno
dc.typeMaster thesis
dc.date.updated2021-09-22T22:00:06Z
dc.creator.authorHeyerdahl, Lars Slåen
dc.identifier.urnURN:NBN:no-90960
dc.type.documentMasteroppgave
dc.identifier.fulltextFulltext https://www.duo.uio.no/bitstream/handle/10852/88314/1/Hamsun-som-mytologist---Helten--Bastarden-og-Narren-i-I--ventyrland.pdf


Files in this item

Appears in the following Collection

Hide metadata