Hide metadata

dc.contributor.authorBlokkhus, Simen Jansen
dc.date.accessioned2021-09-21T22:04:50Z
dc.date.available2021-09-21T22:04:50Z
dc.date.issued2021
dc.identifier.citationBlokkhus, Simen Jansen. Refleksjonar kring refleksjon: Ei utforsking av trekk ved reflekterande skriving i eit utval elevtekstar frå norskfaget på ungdomssteget. Master thesis, University of Oslo, 2021
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/10852/88293
dc.description.abstractProblemstillinga eg undersøkjer i denne masteroppgåva er: «Kva kjenneteiknar den reflekterande skrivinga til eit utval elevar på ungdomssteget?» Bakgrunnen for studien er at «refleksjon» har fått auka tyding i kompetansemåla på ungdomssteget etter at fagfornyinga er innført, og elevane skal no reflektere munnleg og skriftlege i ulike sjangrar. Samstundes er dei teoretiske forståingane av refleksjon sprikande, og det er heller ikkje mange empiriske studiar på området. I denne oppgåva analyserer eg fire elevtekstar skrivne av elevar på tiande steget. Elevtekstane er svar på ei oppgåve der dei blir bedne om å reflektere over temaet «reise». Omfanget av eit masterprosjekt gjer det utfordrande å forske på alle sidene ved ei skrivehandling, og eg har difor prioritert å undersøkje korleis elevane skapar samanheng i teksten og korleis dei uttrykkjer eigne tankar, meiningar og vurderingar. Det siste reflekterer definisjonen av refleksjon i den nye læreplanen. Analysekategoriane i undersøkinga er referentkjeder, modalitet og bruk av spørsmål. Det fyrste hovudfunnet er at elevane vel ulike strategiar for å skape samanheng i tekstane sine. Nokon tek utgangspunkt i ei tenkt reise dei har vore på og reflekter over ho, medan andre tek utgangspunkt i omgrepet «reise» og reflekterer over det. For det andre ser det ut til at graden av epistemisk modalitet er høgare i dei tekstelementa med refleksjon. Dette stadfestar ein del tidlegare forsking på området. For det tredje posisjonerer elevane seg ulikt når dei reflekterer. Her er det både variasjon mellom elevane, men det er også variasjon internt i nokre av elevtekstane. I oppgåva drøfter eg om desse funna kan hengje saman med dei ulike syna på føremålet med refleksjonen. Teoriar kring bruk av refleksjon i skulen har peika på at refleksjon anten kan fungere som sjølvrefleksjon eller som kunnskapstileigning/-utvikling.nno
dc.language.isonno
dc.subject
dc.titleRefleksjonar kring refleksjon: Ei utforsking av trekk ved reflekterande skriving i eit utval elevtekstar frå norskfaget på ungdomsstegetnno
dc.typeMaster thesis
dc.date.updated2021-09-22T22:03:03Z
dc.creator.authorBlokkhus, Simen Jansen
dc.identifier.urnURN:NBN:no-90817
dc.type.documentMasteroppgave
dc.identifier.fulltextFulltext https://www.duo.uio.no/bitstream/handle/10852/88293/1/Blokkhus--2021-.pdf


Files in this item

Appears in the following Collection

Hide metadata