Hide metadata

dc.contributor.authorTveit, Anna
dc.date.accessioned2021-09-21T22:00:51Z
dc.date.available2021-09-21T22:00:51Z
dc.date.issued2021
dc.identifier.citationTveit, Anna. Sjøbruksbygningane langs vestkysten av Sveio frå 1970 til 2021: Ei studie av bygningane i lys av landskap, praksis og samfunnsmessige endringar. Master thesis, University of Oslo, 2021
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/10852/88202
dc.description.abstractBygningar langs kysten er mindre dokumentert enn dei i innlandet. Særleg er det skrive lite om bygningar knytt til sjøfart og fiske, her omtalte som sjøbruksbygningar. I denne masteroppgåva i museologi og kulturarvstudier ser eg på nokre sentrale trekk ved utviklinga til sjøbruksbygningane i eit område etter 1970. Dette vert diskutert i lys av problemstillinga: “På kva måtar har sjøbruksbygningane langs vestkysten av Sveio blitt forma ut frå faktorane landskap, praksis og samfunnsmessige endringar dei siste femti åra?” Eg ser på utforminga til dei fysiske bygningane og plasseringa deira i landskapet, og set dette inn i ein samfunnsendringskontekst. Med hjelp av statistikk og observasjonar prøver eg å identifisere sentrale trekk ved utviklinga av dei materielle eigenskapane til bygningane og posisjonane deira i landskapet. Desse elementa vert så diskutert i lys av endringa frå eit nokså tradisjonelt kystsamfunn i ein tidleg fase av mange endringsprosessar, til dagens moderne samfunn. Livet langs kysten har gradvis bevegd seg vekk frå primærnæringane og sjøen som næringsgrunnlag. Det har blitt mindre direkte kontakt mellom sjøen og bygningane. Kaiforholda har blitt mindre tilrettelagt for å få båtar og last opp frå sjøen og inn i bygningane. Sjøbruksbygningane har jamt over blitt større og meir tilrettelagte for rekreasjon. Ofte er dei ein del av større utbyggingsprosjekt, gjerne med mange nokså identiske bygningar. Mange moderne sjøbruksbygningar har element som refererer til tradisjonelt sjøbruk, utan at desse elementa har nokon funksjon i dag. Samfunnsendringane og effektane dei har hatt på sjøbruksbygningane kjem fram på ulike måtar i diskusjonar rundt dei fysiske bygningane. Målet mitt er å bidra til ei betre forståing av kysten si kulturarv, og kva sjøbruksbygningane kan fortelje om korleis denne har blitt vidareutvikla og tilpassa dagens behov.nno
dc.language.isonno
dc.subjectkystkultur
dc.subjectsjøhus
dc.subjectvestlandet
dc.subjectsjøbruk
dc.subjectfiske
dc.subjectnaust
dc.subjectkyst
dc.titleSjøbruksbygningane langs vestkysten av Sveio frå 1970 til 2021: Ei studie av bygningane i lys av landskap, praksis og samfunnsmessige endringarnno
dc.typeMaster thesis
dc.date.updated2021-09-21T22:00:51Z
dc.creator.authorTveit, Anna
dc.identifier.urnURN:NBN:no-90898
dc.type.documentMasteroppgave
dc.identifier.fulltextFulltext https://www.duo.uio.no/bitstream/handle/10852/88202/1/Masteroppgave-AnnaTveit-2021.pdf


Files in this item

Appears in the following Collection

Hide metadata