Hide metadata

dc.contributor.authorNavarsete, Henrik Solvoll
dc.date.accessioned2021-09-20T22:04:48Z
dc.date.available2022-06-13T22:46:10Z
dc.date.issued2021
dc.identifier.citationNavarsete, Henrik Solvoll. Høgrepopulistiske partis kommunikasjonsforskjellar på Facebook. Master thesis, University of Oslo, 2021
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/10852/88166
dc.description.abstractI denne oppgåva er det høgrepopulistiske partis kommunikasjonsforskjellar på sosiale medium, og meir spesifikt, på Facebook, som står i fokus. Bakgrunnen for denne innfallsvinkelen, er Albertazzi og McDonnells (2005) tanke om høgrepopulistiske partis tosidige kommunikasjonsstrategi, samt Engesser et al. (2016) sin påstand om korleis populisme kan passere under radaren på kritiske observatørar på sosiale medium. Såleis vert det anteke at høgrepopulistiske parti har kommunikasjonsforskjellar på sosiale medium, der enkeltrepresentantane er meir høgrepopulistiske enn kva partia er. Facebook vert teke i bruk som analysemateriale, og analysen ser difor på korleis to utvalde enkeltrepresentantars kommunikasjon skil seg ifrå kommunikasjonen på deira respektive parti si offisielle Facebook-side. Partia som vert analysert, er dei høgrepopulistiske partia i Skandinavia, Dansk Folkeparti, Sverigedemokraterna og Framstegspartiet, samt kvart lands mest framtredande konservative parti, som er Venstre, Moderaterna og Høgre. I tillegg vert to hypotesar lagt til grunn. Den første hypotesa dreier seg om korleis realistiske regjeringspartnarar vil auke insentivet til å ha ein tosidig kommunikasjonsstrategi, medan den andre hypotesa antek at høgrepopulistiske parti har større kommunikasjonsforskjellar enn konservative parti. Til saman vart 924 Facebook-innlegg frå avgrensa analyseperiodar henta inn, og vidare analysert i ein kvantitativ innhaldsanalyse og ein kvalitativ idéanalyse. Sjølv om ein finn enkeltdøme som støttar hypotesane, er det lite, totalt sett, som tilseier at høgrepopulistiske parti har ein tosidig kommunikasjonsstrategi på sosiale medium. Likevel er det tydeleg at sosiale medium er ein nyttig plattform for å analysere høgrepopulisme, då ein finn fleire tydelege døme på høgrepopulistisk kommunikasjon. Dette finn ein hjå alle dei tre høgrepopulistiske partia, og også hjå dei konservative partia Moderaterna, og, spesielt, Venstre.nno
dc.language.isonno
dc.subject
dc.titleHøgrepopulistiske partis kommunikasjonsforskjellar på Facebooknno
dc.typeMaster thesis
dc.date.updated2021-09-20T22:04:47Z
dc.creator.authorNavarsete, Henrik Solvoll
dc.identifier.urnURN:NBN:no-90790
dc.type.documentMasteroppgave
dc.identifier.fulltextFulltext https://www.duo.uio.no/bitstream/handle/10852/88166/5/Masteroppg-ve-Henrik-Navarsete.pdf


Files in this item

Appears in the following Collection

Hide metadata