Hide metadata

dc.contributor.authorKleveland, Kristine
dc.date.accessioned2021-09-07T22:58:14Z
dc.date.available2021-09-07T22:58:14Z
dc.date.issued2021
dc.identifier.citationKleveland, Kristine. “og måske har det noget // at gøre med måden man er / omgivelserne på” Ei lesing av Rasmus Nikolajsen sine systemdikt i Tilbage til unaturen (2016) og hvad skal vi med al den skønhed? (2018). Master thesis, University of Oslo, 2021
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/10852/87879
dc.description.abstractRasmus Nikolajsen er systemdiktar og har eit uttalt mål om å skrive 8 bøker etter det same systemet: 8 stavingar gonger 8 linjer er lik 64 stavingar gonger 64 sider. Dei to bøkene eg tek føre meg, Tilbage til unaturen (2016) og hvad skal vi med al den skønhed? (2018), er skrive utandørs og med dette systemet til grunn. Eg argumenterer for at systemet bidreg til å attgje, gå i dialog med og nærme seg naturen. For å forstå kva dikta rommar må ein òg vere medviten om dikta sine rammer. Gjennom lesinga undersøker eg korleis dikta, med særleg syn på systemet i dei, utvider persepsjonen av omgjevnadene og modererer dikotomiar som kultur-natur, menneske-natur og form-innhald. Eg går likevel ikkje det økokritiske sporet til endes, men søkjer å lese på verka sine eigne premiss. Frå Tilbage til unaturen gjer eg nærlesingar av dikta “COL D’AUBISQUE, 23. JULI 2012” og “VICTORIAPARK, BERLIN, 10.-25. FEBRUAR 2014”, og frå langdiktet hvad skal vi med al den skønhed? Har eg valt to utdrag og kalla dei høvevis “skabe nærvær med noget vi / ikke ved hvad er” og “og måske er det kun / tilsyneladende”. For eit meir overordna teoretisk grunnlag ser eg til Steffen Hejlskov Larsen for å seie noko om systemdikt og til Claus Madsen for å seie noko om langdikt. I tillegg ser eg til Inger Christensen sine dikt og essay. I alfabet let Christensen “universet komme til orde” (2000, 133). Med det eksisterer også systemdikt i ein særleg relasjon til omgjevnadene og kan seie noko utstrekt om verda. Vidare les eg det konkrete systemet som ligg til grunn for dei to diktverka. Systemet påkallar ei holistisk lesing med sine 64 avdelingar som står i eit synekdokisk forhold til heilskapen og kvadrattalet 64. 8-talet syner seg som eit lemniskat, særleg i langdiktet hvad skal vi med al den skønhed? som famnar om augneblinken med ei abstrakt forståing av temporalitet. 8-talet syner seg også som eit møbiusband i diktinga. Nikolajsen foreiner motsetnader saumlaust på same måte som det tosidige bandet berre har ei side i kraft av vendinga. Trass det omsluttande og avgrensande som ligg i 8-talet, i lemniskatet og i møbiusbandet, er verknaden av dei utstrektheit og ei opning av persepsjon og forståing av omgjevnadene. Forståinga som blir etablert i diktet, mogeleggjer “måden man er / omgivelserne på”, slik det heiter hjå Nikolajsen (2018, 59).nno
dc.language.isonno
dc.subjectNikolajsen
dc.subjectSystemdikt
dc.subjectSamtidslyrikk
dc.subjectLangdikt
dc.title“og måske har det noget // at gøre med måden man er / omgivelserne på” Ei lesing av Rasmus Nikolajsen sine systemdikt i Tilbage til unaturen (2016) og hvad skal vi med al den skønhed? (2018)nno
dc.typeMaster thesis
dc.date.updated2021-09-08T22:01:03Z
dc.creator.authorKleveland, Kristine
dc.identifier.urnURN:NBN:no-90519
dc.type.documentMasteroppgave
dc.identifier.fulltextFulltext https://www.duo.uio.no/bitstream/handle/10852/87879/1/Kleveland-Masteroppg-ve.pdf


Files in this item

Appears in the following Collection

Hide metadata