Hide metadata

dc.contributor.authorJørgensen, Lone Lunemann
dc.date.accessioned2021-03-20T23:03:19Z
dc.date.available2021-03-20T23:03:19Z
dc.date.issued2020
dc.identifier.citationJørgensen, Lone Lunemann. Dette er ei melding til alle reisande: Ei analyse av korleis reiseselskap bidreg til samfunnsendring gjennom kommunikasjon med passasjerane. Master thesis, University of Oslo, 2020
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/10852/84341
dc.description.abstractKollektivtrafikk er viktig for menneske over heile verda, og speler ei viktig rolle i å skape trygge og moderne byar. Offentleg eigde reiseselskap, finansiert med fellesskapet sine midlar, har ofte monopol på utforming av kollektivtilbodet. I denne masteroppgåva undersøkast forholdet mellom lokal samferdselspolitikk og retorikk med kritisk diskursanalyse som rammeverk. Eg tek for meg reiseselskapa Ruter i Noreg og Metro de Medellín i Colombia sine strategiar for å kommunisere med passasjerar når samfunna dei opererer i endrar seg. Oppgåva består av ein multimodal tekstanalyse av to kampanjar frå 2018 og 2019, samt ein kontekstanalyse i to lag. Ein toposanalyse kastar ljos over reiseselskapa si eigenforståing, og omgrep frå Fairclough og Halliday gjev ulike perspektiv på dei ulike laga i diskursen. Maurice Charland sin teori om korleis retorikk kan fungere konstitutivt forklarar kva rolle retorikken speler når samfunnet endrar seg. Oppgåva synar at reiseselskapa sine strategiar kan fungere konstituerande om vilkåra i samfunnet ligg til rette for det, slik det gjorde i Medellín på 80- og 90-talet, og at liknande strategiar har potensiale i Oslo. Det kjem også fram at reiseselskapa delar ei bransjeforståing av eigen verksemd og at marknadstenking dominerer i større grad drifta til Metro de Medellín enn Ruter. Funna i denne oppgåva synar at retorikken i kollektivtrafikken er avhengig av reell samfunnsendring for å vere effektiv, men at å etablere eit kollektivt subjekt kan endre korleis menneska i byar samhandlar med kvarandre i det offentlege rom.nno
dc.language.isonno
dc.subjectkollektivtrafikk
dc.subjectdiskursanalyse
dc.subjectsosialsemiotikk
dc.subjectkonstitutiv retorikk
dc.subjectkritisk
dc.subjecttopos
dc.subjectmultimodalitet
dc.titleDette er ei melding til alle reisande: Ei analyse av korleis reiseselskap bidreg til samfunnsendring gjennom kommunikasjon med passasjeranenno
dc.title.alternativeThis is a message to all passengers: An analysis of how public transportation companies contribute to social change through communication strategieseng
dc.typeMaster thesis
dc.date.updated2021-03-21T23:00:30Z
dc.creator.authorJørgensen, Lone Lunemann
dc.identifier.urnURN:NBN:no-87023
dc.type.documentMasteroppgave
dc.identifier.fulltextFulltext https://www.duo.uio.no/bitstream/handle/10852/84341/1/Fyrste-PDF.pdf


Files in this item

Appears in the following Collection

Hide metadata