Hide metadata

dc.contributor.authorStavland, Junhild Grønnevik
dc.date.accessioned2020-10-06T23:49:35Z
dc.date.available2021-06-26T22:45:56Z
dc.date.issued2020
dc.identifier.citationStavland, Junhild Grønnevik. Tverrfaglig samarbeid i skulen. Master thesis, University of Oslo, 2020
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/10852/80359
dc.description.abstractDenne studien tar sikte på å få innsikt i pedagogar sine erfaringar og opplevingar rundt tverrfagleg samarbeid internt i skulen og korleis dette samarbeidet kan ha ein betyding for elevar med spesifikke lærevanskar. Føremålet med studien var å få innsikt i korleis ein utvalt skule organiserer eit tverrfagleg samarbeid og korleis tilsette internt i skulen arbeidar for å få til eit godt opplæringstilbod. Følgande problemstilling er valt for denne studien: Korleis samarbeider kontaktlærarar og spesialpedagogar i planlegging, gjennomføring og vurdering av opplæringa for elevar med spesifikke lærevanskar? I denne studien var eg opptatt av å få innsikt i pedagogane sine erfaringar og opplevingar. På bakgrunn av dette vart det nytta kvalitativ forskingstilnærming ved bruk av intervju. Det vart intervjua to kontaktlærarar og tre spesialpedagogar på same skule på Østlandet. Analysen av materialet frå intervjua vert tematisert i likheit med kategoriane i intervjuguiden, og danna grunnlaget for tre hovudtema: samarbeid mellom profesjonane, organisering for samarbeidet ved planlegging, gjennomføring og vurdering av opplæringa, og betydinga av eit samarbeid for elevar med spesifikke lærevanskar. Ved bruk av mønster og tema frå datamaterialet vart dette gjort om til over-og underoverskrifter som vert nytta i resultat- og drøftingskapittelet i oppgåva. Funn frå intervjua indikerer ulike faktorar for å få til eit vellykka tverrfagleg samarbeid mellom profesjonane. Funna viser til at eit større og betre tverrfagleg samarbeid kan tre fram ved at ein er fast spesialpedagog på eitt klassetrinn og har høve til å dele kontor med resten av teamet på klassetrinnet. Resultata antyder varierande grad av samarbeid mellom profesjonane i planlegging, gjennomføring og vurderingsfasen av opplæringa. Nokre informantar uttrykkjer ønskjer om at samarbeidet mellom dei ulike vaksne i klasserommet kunne vore organisert betre slik at samarbeidet kjem betre til nytte for elevane. Informantane opplev at den ulike graden av samarbeid kan utviklast ved felles arbeidsmodellar for klassetrinna. Funna viser også at eit samarbeidet mellom kontaktlærar og spesialpedagog er av avgjerande betyding for elevane sitt heilhetlege opplæringstilbod, og har betyding på korleis ein tar vare på elevar med spesifikke lærevanskar og deira behov. Konklusjonen i studien visar til at dei fleste informantane gir utrykk for at dei ønskjer ei anna organiseringsform for eit betre tverrfagleg samarbeid i skulen. Fleirtalet ynskte ein organiseringsform der ein deler kontor, er forskjellige profesjonar på team, og er fast ansatt på teamet. Det å dele kontor saman med kollegaer blir løfta opp som ein viktig faktor for å gjere samarbeidet tettare og betre. Det vert også sett på som nødvendig for å få til eit godt opplæringstilbod med tanke på kvalitet, samt korleis ein tek vare på alle elevane sine behov. Vidare er det eit behov for å vie tverrfagleg samarbeid i skulen meir merksemd. Studien visar at eit tverrfaglig samarbeid mellom kontaktlærar og spesialpedagog har ein rekkje fordeler med seg. Samtidig tyder mykje på at det er opp til kvar enkelt skule korleis ein praktiserer dette arbeidet.nno
dc.language.isonno
dc.subjectorganisering
dc.subjectspesialpedagogikk
dc.subjecttverrfaglig samarbeid
dc.subjectsamarbeid
dc.titleTverrfaglig samarbeid i skulennno
dc.typeMaster thesis
dc.date.updated2020-10-07T23:47:37Z
dc.creator.authorStavland, Junhild Grønnevik
dc.identifier.urnURN:NBN:no-83526
dc.type.documentMasteroppgave
dc.identifier.fulltextFulltext https://www.duo.uio.no/bitstream/handle/10852/80359/1/Masteroppga-ve-Tverrfaglig-samarbeid-i-skulen.pdf


Files in this item

Appears in the following Collection

Hide metadata