Hide metadata

dc.contributor.authorKursetgjerde, Erik
dc.date.accessioned2020-09-28T23:49:01Z
dc.date.available2021-06-22T22:45:56Z
dc.date.issued2020
dc.identifier.citationKursetgjerde, Erik. Det digitale rom – eit mellomstatleg sjakk matt? Ein komparativ casestudie av FNs GGE-prosesser i 2015 og 2017. Master thesis, University of Oslo, 2020
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/10852/80073
dc.description.abstractDet digitale roms rolle i det internasjonale system kan beskrivast som eit krevjande domene som manglar regulering på fleire områder. Denne oppgåva er ei teoritestande og komparativ casestudie som forsøker å forklare forskjellane i utfall mellom FNs Group of Governmental Experts (GGE)-prosessar i 2014-2015 og 2016-2017. Eg har sett nærmare på dette ved å ta utgangspunkt i to sentrale statar i forhandlingane, USA og Russland, for å sjå på statleg oppførsel i sentrale forhandlingar. Desse statane er kjende for å stå på kvar si side i meiningsfellesskapet, der USA meiner at eksisterande regelverk i folkeretten er tilstrekkeleg, medan Russland har ytra ønske om ein traktat og nye regulatoriske rammeverk. Oppgåva sitt teoretiske rammeverk er basert på handlingslogikkane logic of appropriateness (LoA) og logic of consequences (LoC) for å betre forstå statleg oppførsel i sentrale forhandlingar – om det er prega av interesser - eller regelstyrt handling. Desse kan vidare vise noko av forskjellane i korleis statar handlar, men òg seie noko meir generelt om korleis mellomstatlege relasjonar fungerer i ein internasjonal institusjon. Funna i oppgåva indikerer at begge handlingslogikkane har forklaringskraft sett i samanheng med kvarandre, men at det kan vere vekslande tilhøve der desse har best forklaringskraft, i tråd med funn i tidlegare studiar. Vidare visar funna i denne oppgåva korleis riktig bruk av reglar kan bidra til å avgrense oppførsel, men om ein trår over omfanget til desse reglane i lågt institusjonaliserte områder, kan eigeninteressene ta over. Denne oppgåva viser at begge GGE-prosessane var avhengig av statars fordelar av samarbeid og gjensidige interesser, men at den regelstyrte handlinga spelte ei særleg rolle under prosessen som slutta i 2015 i å avgrense Russlands oppførsel, då USA brukte det eksisterande rammeverket tilhøyrande folkeretten som grunnlag for at Russlands framlegg om ny traktat ikkje var naudsynt. I prosessen som vart avslutta i 2017 såg Russland ingen annan utveg enn å bryte i forhandlingane, då dei såg at vidare avansering ville vere i mot deira eigne interesser, og sidan dei såg den regelstyrte oppførselen i 2015 som eit feilgrep kan dette og bidra til å forklare kvifor.nno
dc.language.isonno
dc.subjectdet digitale rom
dc.subjectcyberspace
dc.subjectGGE
dc.subjectFN
dc.subjectmellomstatlege relasjonar
dc.titleDet digitale rom – eit mellomstatleg sjakk matt? Ein komparativ casestudie av FNs GGE-prosesser i 2015 og 2017nno
dc.title.alternativeCyberspace - an intergovernmental checkmate? A comparative case study of the UNGGE processes in 2015 and 2017.eng
dc.typeMaster thesis
dc.date.updated2020-09-29T23:47:37Z
dc.creator.authorKursetgjerde, Erik
dc.identifier.urnURN:NBN:no-83206
dc.type.documentMasteroppgave
dc.identifier.fulltextFulltext https://www.duo.uio.no/bitstream/handle/10852/80073/1/Masteroppg-ve---Inspera.pdf


Files in this item

Appears in the following Collection

Hide metadata