Hide metadata

dc.contributor.authorSeland, Stian Sigurd
dc.date.accessioned2020-09-25T23:46:47Z
dc.date.available2020-09-25T23:46:47Z
dc.date.issued2020
dc.identifier.citationSeland, Stian Sigurd. Ein ny organisasjonsretorikk: Retoriske studium av frivillige organisasjonar. Master thesis, University of Oslo, 2020
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/10852/79989
dc.description.abstractOppgåva er av teoretisk karakter, og har som føremål å utvikle retorikkvitskapen vidare gjennom å diskutere kvifor ein bør og korleis ein kan studere frivillige organisasjonar retorisk. Som eit utgangspunkt til desse diskusjonane blir det gitt eit overblikk over den historiske utviklinga til frivillige organisasjonar i Noreg, og ulike forsøk på å definere frivillige organisasjonar blir grundig gjennomgått. Det blir gitt eit forslag til ein definisjon som kan vere praktisk for seinare retoriske studium. Fire teoretiske perspektiv blir presentert som relevante for å skulle studere frivillige organisasjonar retorisk: Politisk retorikk, retorisk medborgarskap, organisasjonsretorikk og retorisk sjangerteori. På spørsmålet om kvifor frivillige organisasjonar bør bli studert retorisk blir det argumentert for at frivillige organisasjonar krev ei eiga tilnærming, at frivillige organisasjonar fyller viktige demokratiske funksjonar og at frivillige organisasjonar i seg sjølv kan bli forstått som retoriske fenomen. På spørsmålet om korleis frivillige organisasjonar kan bli studert retorisk blir det argumentert for ei todelt tilnærming: For det første kan ein studere den frivillige organisasjonen som retorikk. Oppgåva diskuterer korleis frivillige organisasjonar kan bli forstått som svar på ein retorisk situasjon, og legg fram ein teori om den retoriske organisasjonssituasjonen. For det andre kan ein studere retorikken til frivillige organisasjonar. Då må retorikaren ta omsyn til dei særtrekka som kjenneteiknar frivillige organisasjonar samanlikna med andre typar organisasjonar, og ein må ha forståing for dei ulike retoriske situasjonane som ein frivillige organisasjonar står i om att og om att. Særtrekka til frivillige organisasjonar blir diskutert, og det blir presentert ein sjangerkatalog over eksterne, interne og konstituerande organisasjonssjangrar med tilhøyrande retoriske formar og funksjonar. Det blir i oppgåva argumentert for at retorikkvitskapen i for lang tid har unnlate å studere frivillige organisasjonar, og at tida er inne for ein ny organisasjonsretorikk som ser på frivillige organisasjonar spesielt. Oppgåva blir avslutta med ei liste over mogelege retoriske studium av frivillige organisasjonar.nno
dc.language.isonno
dc.subjectfrivillige organisasjonar
dc.subjectretorikk
dc.titleEin ny organisasjonsretorikk: Retoriske studium av frivillige organisasjonarnno
dc.title.alternativeA new organizational rhetoric: Rhetorical studies of NGOseng
dc.typeMaster thesis
dc.date.updated2020-09-26T23:46:00Z
dc.creator.authorSeland, Stian Sigurd
dc.identifier.urnURN:NBN:no-83093
dc.type.documentMasteroppgave
dc.identifier.fulltextFulltext https://www.duo.uio.no/bitstream/handle/10852/79989/5/seland.pdf


Files in this item

Appears in the following Collection

Hide metadata