Hide metadata

dc.contributor.authorRanes, Ingrid Persson
dc.date.accessioned2020-09-22T23:50:11Z
dc.date.available2020-09-22T23:50:11Z
dc.date.issued2020
dc.identifier.citationRanes, Ingrid Persson. Evig eig du det du tapar. Ei samanlikning av to nynorske gjendiktingar av Brand (1866). Master thesis, University of Oslo, 2020
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/10852/79880
dc.description.abstractDenne masteroppgåva handlar om to nynorske gjendiktingar av det dramatiske diktet Brand (1886), skrive av Henrik Ibsen. Desse gjendiktingane låg til grunn for to sceniske oppsetjingar av Brand på Det Norske Teatret, i 1973 og i 2015, og er gjendikta av høvesvis Bjørn Endreson og Edvard Hoem. I formålsparagrafen til Det Norske Teatret står det at alt dei set opp skal vere på norsk mål. For å kunne setje opp eit verk av Ibsen her, må ein skrive det om til nynorsk. Eg undersøkjer og samanliknar gjendiktingane nærare med utgangspunkt i omsetjingsteori og adaptasjonsteori. Eg har òg brukt teatermeldingar for å studere resepsjonen av oppsetjingane. Både overordna og konkrete skilnader mellom gjendiktingane blir løfta fram, og dei blir i hovuddelen av oppgåva sett i lys av tidlegare tolkingar av Brand. Første del av analysen er ei samanlikning av nokre utvalde scener, og ei kort utgreiing av både overordna og konkrete skilnader ein kan finne i desse scenene. Utdrag frå dei ulike scenene er lagt ved til slutt i oppgåva. Andre del av analysen handlar av summen av dei ulike endringane, og kva slags effekt og tolkingskonsekvensar dei har. Formålet med oppgåva er å sjå kor store endringar det er mellom desse to gjendiktingane, og kva slags effekt dei ulike endringane har. Ein analyse av gjendiktingane viser at Endreson og Hoem har valt ulike måtar å gjennomføre denne prosessen på, men at båe har bevart element frå originalen.nno
dc.language.isonno
dc.subject
dc.titleEvig eig du det du tapar. Ei samanlikning av to nynorske gjendiktingar av Brand (1866)nno
dc.typeMaster thesis
dc.date.updated2020-09-23T23:46:29Z
dc.creator.authorRanes, Ingrid Persson
dc.identifier.urnURN:NBN:no-82979
dc.type.documentMasteroppgave
dc.identifier.fulltextFulltext https://www.duo.uio.no/bitstream/handle/10852/79880/1/Masteroppga-ve-Ranes.pdf


Files in this item

Appears in the following Collection

Hide metadata