Hide metadata

dc.contributor.authorErikstein, Sibylla
dc.date.accessioned2020-09-21T23:56:44Z
dc.date.available2020-09-21T23:56:44Z
dc.date.issued2020
dc.identifier.citationErikstein, Sibylla. Ei kvalitativ studie av seksualitetsundervisninga i samfunnsfaget på ungdomstrinnet. Master thesis, University of Oslo, 2020
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/10852/79844
dc.description.abstractDenne studien undersøker kva utvalte lærarar vektlegg i seksualitetsundervisninga i samfunnsfag på ungdomstrinnet. Målet er å gje innsikt i lærararane si oppleving og tankar rundt; 1) kva for tema som blir undervist, 2) korleis det blir undervist og 3) kva lærarane synest skal vere føremålet med seksualitetsundervisninga. Dette blir svara på gjennom ei kvalitativ metode med djupneintervju av fem samfunnsfaglærarar, samt observasjon av tre av dei same lærarane si undervisning der seksualitetstematikken har blitt teken opp. Oppgåva støtter seg mellom anna på teoriar som tar opp ulike føremål med undervisninga (Fjeldstad og Mikkelsen, 2008; Biesta, 2009; 2013), men også teoriar om medborgarskap (mellom anna Westheimer og Kahne, 2004) og intimt medborgarskap som knyt medborgarskap og seksualitet saman (Plummer, 2003). Kumashiro (2002) sine fire former for antidiskriminerande undervisning seier noko om både kvifor og korleis ein kan undervise antidiskriminerande. I diskusjonen om korleis ein kan nærme seg seksualitet som tema i undervisninga, blir det nytta teori om narrativ imaginasjon (mellom anna Nussbaum, 2010; Moldrheim, 2014). Funn frå tidlegare forsking på feltet gir grunnlag for å diskutere kva tema som blir trekt fram i undervisninga. Når det gjeld funn for punkt 1) kva som blir undervist, har denne studien identifisert fire kategoriar: grenseoverskridande åtferd, kjønns- og kulturmangfald og seksuell orientering som er tydeleg representert. Medan den siste helsetilnærminga syner seg i liten grad. Lærarane ytrar val av tema ut frå relevansen til elevane sitt liv. Når det gjeld punkt 2) korleis lærarane underviser i tematikken har det blitt identifisere tre hovudarbeidsmetodar: kunnskapsformidling, bruk av narrativ og dialog. Når det gjeld punkt 3) Kva lærarane synest er føremålet med seksualitetsundervisninga kan ein på den eine sida kople utsegn frå lærarane til ei individorientert forståing med eit ønskje om at elevane skal lære å ta ansvar og meistre eige liv og i nokon grad normmedvit/normkritikk. På den andre sida kan ein kople utsegn frå lærarane til ei fellesskapsorientert forståing. Det verker som om dei ønskjer at elevane skal bli sosialisert inn i etablert informasjon og kunnskap som hjelper dei å kunne fungere i samfunnet. Likeverd syner seg såleis som ein viktig verdi som lærarane ønskjer å formidle, gjennom ord som respekt, openheit for at ein forskjellig, og at ein ikkje skal krenke andre, spesielt med tanke på seksuell orienteringnno
dc.language.isonno
dc.subject
dc.titleEi kvalitativ studie av seksualitetsundervisninga i samfunnsfaget på ungdomstrinnetnno
dc.typeMaster thesis
dc.date.updated2020-09-22T23:54:16Z
dc.creator.authorErikstein, Sibylla
dc.identifier.urnURN:NBN:no-82927
dc.type.documentMasteroppgave
dc.identifier.fulltextFulltext https://www.duo.uio.no/bitstream/handle/10852/79844/5/Seksualitetsundervinsinga-p--ungdomstrinnet.pdf


Files in this item

Appears in the following Collection

Hide metadata