Hide metadata

dc.contributor.authorHunnes, Solveig Flø
dc.date.accessioned2020-09-21T23:56:35Z
dc.date.available2020-09-21T23:56:35Z
dc.date.issued2020
dc.identifier.citationHunnes, Solveig Flø. Berekraftige diskursar i samfunnsfaget - ei analyse av lærardiskursar i berekraftsundervising. Master thesis, University of Oslo, 2020
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/10852/79840
dc.description.abstractDenne oppgåva undersøkjer lærardiskursar for berekraftig utvikling i samfunnsfaglege klasserom. Oppgåva tek utgangspunkt i eit sosialkonstruktivistisk perspektiv, og undersøkjer kva diskursar for berekraftig utvikling som finst i samfunnsfaget basert på fem intervju om lærarar sin undervisingspraksis. Oppgåva forstår diskursar som måtar vi konstruerer forståingar om verda og rettferdiggjer handlingane våre på bakgrunn av desse. Diskursar formar oppfatningar om kva som er rett og gale, og ein hegemonisk diskurs har definisjonsmakt over kva som er legitim kunnskap og handling. Mange meiner det må gjennomgripande endringar til dersom framtida skal verte berekraftig, og at utdanning speler ei nøkkelrolle i denne prosessen (Curry, 2011; Dobson, 2007; Sinnes, 2015; Sterling, 2001). Lærardiskursane gir innsyn i kva dei ser på som legitimerte berekraftige handlingar og haldningar, og korleis desse blir arbeidd med i samfunnsfaget. Analysen tek utgangspunkt i Laclau og Mouffe (2001) sitt diskursteoretiske rammeverk, og identifiserer fem diskursar som formar lærarane si berekraftsundervising. Desse diskursane reflekterer ulike forståingar av berekraftig utvikling slik det kjem til uttrykk gjennom faginnhald, men også kva delar av berekraftsundervisinga lærarane sjølve ser på som viktig. Lærarane koplar berekraftig utvikling tett opp til danningssida av faget, og til eit demokratisk medborgarskap, då det dei er mest opptekne av er at elevane blir i stand til å utvikle haldningar og reflektere over si framtidige rolle i det norske samfunnet og demokratiet. Dette speglar enkelte teoretiske synspunkt i oppgåva sitt teoretiske rammeverk, som meiner medborgarskapet er den raskaste måten å fremje berekraftige haldningar og endringar på (Curry, 2011; Dobson, 2007). Sjølv om datamaterialet for denne studien ikkje har eit stort nok utval til å seie noko generelt om samfunnsfaget, eller tilhøva til berekraftsundervisinga i skulen, syner det ein diskurs som potensielt er i stand til å fremje handlingskompetanse og deltaking på ein måte som andre diskursar ikkje gjer.nno
dc.language.isonno
dc.subject
dc.titleBerekraftige diskursar i samfunnsfaget - ei analyse av lærardiskursar i berekraftsundervisingnno
dc.typeMaster thesis
dc.date.updated2020-09-22T23:54:16Z
dc.creator.authorHunnes, Solveig Flø
dc.identifier.urnURN:NBN:no-82953
dc.type.documentMasteroppgave
dc.identifier.fulltextFulltext https://www.duo.uio.no/bitstream/handle/10852/79840/1/MasteroppgSolveigHunnesVa-r2020.pdf


Files in this item

Appears in the following Collection

Hide metadata