Hide metadata

dc.contributor.authorGisnås, Mari
dc.date.accessioned2020-09-18T23:47:17Z
dc.date.available2020-09-18T23:47:17Z
dc.date.issued2020
dc.identifier.citationGisnås, Mari. «Den kraft som strålte frå Moskva» Noregs kommunistiske parti 1923-25.. Master thesis, University of Oslo, 2020
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/10852/79513
dc.description.abstractDenne framstillinga tek føre seg Noregs kommunistiske parti (NKP) og relasjonen deira til Komintern 1923-25. NKP vart stifta i 1923 då fleirtalet i Det norske Arbeidarparti ikkje lenger ville oppretthalde sitt medlemskap i Komintern. Mindretalet gjekk ut av partiet og heldt fast på medlemskapet. Namnet på partiet gav tydelege signal: partiet skulle vere kommunistisk. Målet til NKP og kravet for medlemskap i Komintern, var å følgje Den kommunistiske Internasjonale i eitt og alt. Studien undersøkjer om det var slik i praksis. Tidlegare forsking har antyda at nokre sjølvstendige val vart gjort uavhengig av Komintern i denne perioden. Med utgangspunkt i nytt kjeldemateriale frå Det russiske statsarkivet for sosial og politisk historie i Moskva (RGASPI) går studien inn i dette for å sjå om desse kjeldene falsifiserer eller verifiserer tidlegare forsking. Studien undersøkjer kor sjølvstendig NKP faktisk var, og i kva grad ein finn trekk frå eit totalitært parti i NKP i etableringsfasen. Sidan NKP vart danna for å halde på medlemskapet i Komintern, burde ein forvente at NKP følgde direktiva derifrå og dermed også hadde trekk frå ein totalitær ideologi, i likskap med kommunismen. Mi hypotese er at tidlegare forsking har lagt for stor vekt på å løfte fram sjølvstendige trekk ved NKP i denne fasen og underkommunisert partiet si faktiske og ideologiske tilknyting til Komintern. Men dersom partiet faktisk gjorde nokre sjølvstendige val: er det likevel riktig å kalle dette ei sjølvstendefase når partiet var medlem av Komintern og formidla ein kommunistisk ideologi ut i det norske samfunnet? Studien tek føre seg hendingane jernstreiken, stortingsvalet og landsmøtet, som alle er hendingar som synleggjer NKP sin relasjon til Komintern. Gjennom analysen kjem eg fram til at tidlegare forsking ikkje kan forkastast, tvert i mot. Samanlikna med seinare fasar er det rimeleg å kalle dette ei sjølvstendefase. Likevel er NKP medlem av Komintern og stiller seg til dei. I analysen viser eg at NKP kommuniserer ut i offentlegheita si sterke tilknyting til Komintern. Studien fremjar altså NKP sin tette relasjon til Komintern, ein organisasjon gjennomsyra av totalitære idear. Likevel nyttar NKP demokratiske metodar ved å gjennomføre avstemmingar. Dei skil seg frå det diktatoriske prinsippet for medlemskap i Komintern, ved at dei vurderer kva dei skal gjennomføre av direktiv. Samstundes held partiet på ein retorikk der dei formidlar til Komintern at dei kjemper den kommunistiske kamp i Komintern si ånd. Studien konkluderer med at det var ein diskrepans mellom NKP sin intensjon og den praktiske politikken. Ideologisk stod NKP nærme Komintern, men i praksis handla partiet innanfor dei parlamentariske rammene. Dette stadfester at ei form for sjølvstende gjekk føre seg i etableringsfasen til Noregs kommunistiske parti.nno
dc.language.isonno
dc.subject
dc.title«Den kraft som strålte frå Moskva» Noregs kommunistiske parti 1923-25.nno
dc.typeMaster thesis
dc.date.updated2020-09-19T23:45:57Z
dc.creator.authorGisnås, Mari
dc.identifier.urnURN:NBN:no-82617
dc.type.documentMasteroppgave
dc.identifier.fulltextFulltext https://www.duo.uio.no/bitstream/handle/10852/79513/1/Masteroppg-ve-Mari-Gisn-s.pdf


Files in this item

Appears in the following Collection

Hide metadata