Hide metadata

dc.contributor.authorSlåen, Åshild
dc.date.accessioned2020-09-08T23:46:28Z
dc.date.available2020-09-08T23:46:28Z
dc.date.issued2020
dc.identifier.citationSlåen, Åshild. Kjønn etter medisinsk skjønn. Ein toposanalyse av medisinske spørjeskjema nytta ved Nasjonal Behandlingsteneste for Transseksualisme.. Master thesis, University of Oslo, 2020
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/10852/79245
dc.description.abstractTekstar nytta innan helsetenesta blir sjeldan undersøkt frå eit språkfagleg perspektiv, sjølv om det kan gje større innsikt i korleis helsetenesta kommuniserer med pasientar. I denne oppgåva ser eg på spørjeskjema nytta ved Nasjonal Behandlingsteneste for Transseksualisme, og korleis desse tekstane passar inn i den større samfunnsdiskursen rundt transpersonar. Dette gjer eg ved å nytte meg av ein retorisk metode, toposanalyse, der eg ser på kva slags topoi som dominerer tekstane. Analysemetoden eg nyttar baserer seg på framgangsmåten Ole Togeby utviklar i Steder i Bevidsthetens Landskab. For å sette funna mine inn i eit større perspektiv, nyttar eg meg spesielt av teoriane til Michel Foucault om språklege diskursar som maktutøving. Tekstmaterialet er ni spørjeskjema som kartlegg mange forskjellige aspekt ved ein pasient, der nokre fokuserer spesifikt på kjønn, medan andre fokuserer på meir generelle helsespørsmål. I toposanalysen av desse tekstane gjer eg ei skjematisk analyse der eg plasserer alle tekstutdrag frå desse tekstane inn i eit skjema, og kategoriserer dei for å finne kva slags topoi som dominerer. Ved å gjere dette avdekker eg at tekstane har eit utdatert språk når det kjem til kjønn og transtematikk. Tekstane operer overveldande med ein tokjønnsmodell, med få spørsmål som tek omsyn til at pasientar kan ha ikkje-binære kjønnsuttrykk. I tillegg er ikkje spørsmåla fullstendig tilpassa moderne medisinske diagnosar. Dei stiller spørsmål som passar til ei utdatert diagnose, «Fetisjistisk transvestittisme», som gjekk ut i Noreg i 2010, og har eit stort fokus på mental helse, noko som ikkje samsvarar med omklassifiseringa av dei aktuelle diagnosane bort frå sinnslidingar. Dette kan ha konsekvensar for møtet transpersonar har med spesialhelsetenesta, ved å svekke tilliten pasienten har til helsepersonell. Resultatet av analysen indikerer at transpersonar framandgjerast innan denne medisinske diskursen, noko som samsvarer med korleis transpersonar historisk har blitt behandla av dominerande samfunnsdiskursar.nno
dc.language.isonno
dc.subjectToposanalyse Kjønn NBTS Spørreskjema Transseksualimse Kjønnsinkongruens
dc.titleKjønn etter medisinsk skjønn. Ein toposanalyse av medisinske spørjeskjema nytta ved Nasjonal Behandlingsteneste for Transseksualisme.nno
dc.typeMaster thesis
dc.date.updated2020-09-08T23:46:28Z
dc.creator.authorSlåen, Åshild
dc.identifier.urnURN:NBN:no-82355
dc.type.documentMasteroppgave
dc.identifier.fulltextFulltext https://www.duo.uio.no/bitstream/handle/10852/79245/1/Kj-nn-etter-medisinsk-skj-nn---masteroppg-ve---shild-Sl-en.pdf


Files in this item

Appears in the following Collection

Hide metadata