Hide metadata

dc.date.accessioned2020-07-13T09:09:07Z
dc.date.available2020-07-13T09:09:07Z
dc.date.issued2018
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/10852/77821
dc.description.abstractI avhandlinga Når dikta tiltaler nasjonen undersøker eg korleis sju samtidige diktbøker tiltaler nasjonen, og utforskar rolla kvitheit og kolonialitet speler for danninga av (det lyriske) subjektet, det nasjonale vi-et og tilhøyrsla til dette. I avhandlinga blir diktbøkene undersøkte med utgangspunkt i kva relasjon subjekta i dikta har til kvitheita, nasjonen og den Andre. Målet med analysen er todelt. For det første å undersøke korleis subjekta i diktbøkene blir forhandla fram i relasjon til kvitheita, nasjonen og den førestelte framande Andre, og for det andre å undersøke korleis nasjonen blir tiltalt og danna som førestelt fellesskap i dikta. I analysane trekker eg inn lyrikkteori, kritisk teori, og de- og postkolonial teori, og særskilt er tenkjarar som Jonathan Culler, Sara Ahmed, Frantz Fanon, Judith Butler, Sylvia Wynter, Hortence Spillers og Alexander Weheliye viktige for analysane. Avhandlinga består, forutan eit teorikapittel, av tre analysekapittel. I det første kapittelet blir Flaggtale (2016) av Dan Andersen, Guld (2014) av Victor Boy Lindholm og White Girl (2012) av Christina Hagen analyserte, tre diktbøker som framstiller subjekt som er prega av grumsete skuldkjensler over å vere kvite og privilegerte, vis-à-vis globale, rasialiserte Andre. I det andre analysekapittelet blir Vi är de döda, nu snart (2014) av Kristian Lundberg og Atlanterhavet vokser (2013) av Julie Sten-Knudsen analyserte, to diktbøker prega av sorga over å leve i nasjonale fellesskap som ekskluderer ikkje-kvite. I det siste kapittelet blir Yahya Hassan (2013) av Yahya Hassan og Vitsvit (2013) av Athena Farrokhzad analyserte, to diktbøker som framsyner danninga av det ikkje-kvite subjektet i den kvite nasjonen – diktbøker som framstiller skrivehandlingar som fordrar både trass mot kvitheitshegemoniet og svik mot den ikkje-kvite familien. I tillegg til å analysere diktbøkene, trekker eg resepsjonen av bøkene inn i kvart kapittel. Avhandlinga blir runda av med eit kapittel der eg tematiserer smerta og sårbarheitas politiske rolle i samtidslyrikken, og diskuterer behovet for å spørje ikkje berre kva dikta gjer, men også kva dikta gjer med oss og vi med dei, i den skandinaviske samtida.en_US
dc.language.isonoen_US
dc.titleNår dikta tiltaler nasjonen: kvitheit, kolonialitet og subjektivitet i sju samtidige skandinaviske diktbøkeren_US
dc.typeDoctoral thesisen_US
dc.creator.authorIversen, Kristina Leganger
dc.identifier.cristin1595165
dc.identifier.urnURN:NBN:no-80930
dc.type.documentDoktoravhandlingen_US
dc.identifier.fulltextFulltext https://www.duo.uio.no/bitstream/handle/10852/77821/1/PhD-Iversen-2018.pdf


Files in this item

Appears in the following Collection

Hide metadata