Hide metadata

dc.contributor.authorChristiansen, Gerd Helene Bernhoft
dc.date.accessioned2019-09-20T23:45:51Z
dc.date.available2019-09-20T23:45:51Z
dc.date.issued2019
dc.identifier.citationChristiansen, Gerd Helene Bernhoft. «Vi må tenke forberedelser…som er nøkkelen.» Ei kvalitativ undersøking om kommunikasjon i tilrettelagte avhøyr.. Master thesis, University of Oslo, 2019
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/10852/70426
dc.description.abstractBakgrunn, formål og problemstilling Funksjonell kommunikasjon kan førebyggja misforståingar, og gjer det mogleg å kunna formidla behov og ynskjer. I tillegg kan det bidra til moglegheit for å påverka, kunna ta initiativ, oppfatta kva andre formidlar og til i det heile å fungera vel i eit kommunikativt fellesskap (Næss, 2016). I rettssystemet kan menneske med utviklingshemming møta utfordringar i form av manglande kunnskap om deira behov for tilrettelegging. Forklaringane frå dei må bli sett i samanheng med moglegheiter og avgrensingar i kommunikasjon (Dahl, 2018, s. 11). Formålet med undersøkinga er å få kjennskap til og kunnskap om korleis politiet gjennomfører tilrettelagte avhøyr av menneske med utviklingshemming. Undersøkinga er gjort med utgangspunkt i følgjande problemstilling: Kva for nokre hjelpemiddel nyttar politiet i tilrettelagte avhøyr av menneske med utviklingshemming, og korleis vert dei nytta? For å svara på problemstillinga, er det også blitt utforma nokre forskingsspørsmål som kan bidra til å kasta lys over problemstillinga og danna grunnlaget for datainnsamlinga: 1. Kva kunnskap om ulike hjelpemiddel og erfaring er det politiet sjølv kjem med? 2. Korleis opplever politiet at praksisen verkar inn på tilrettelagte avhøyr av menneske med utviklingshemming? 3. Korleis kan ein nytta spesialpedagogisk kompetanse om kommunikasjon inn mot tilrettelagte avhøyr? Eg har valt ei kvalitativ tilnærming med semistrukturerte intervju som forskingsmetode. Deltakarane i undersøkinga er rekruttert ut ifrå kriteriet om at dei er utdanna politi og har erfaring med å gjennomføra avhøyr av personar med psykisk utviklingshemming. Det er gjort fem intervju med politi frå ulike stadar i landet. Analyseprosessen er gjort ved bruk av SDI-modellen. Sidan metoden både nyttar seg av ein induktiv tilnærming (med utgangspunkt i empirien) og ein deduktiv tilnærming lengre ut i analysen, der teoriar og perspektiv speler inn i laupet av forskingsprosessen, er den abduktiv (Tjora, 2017). Analysen dannar grunnlaget for drøftinga som er presentert gjennom forskingsspørsmåla. Resultat Funna i undersøkinga er presentert gjennom Førebuingar, tilretteleggjar, hjelpemiddel, utvikling og avhøyret sin funksjon. Av desse funna står førebuingar fram som særs viktig i arbeidet med å bruka hjelpemiddel i tilrettelagte avhøyr. Ein trygg avhøyrar kan trygga ein som kjem inn til avhøyr. Det kjem også fram at moglegheitene til å utvikla ferdigheiter til å gjennomføra avhøyr er varierande. Organisering av evaluering og fremming av avhøyrkompetanse på tvers av barnehusa, kan bidra til å danna grunnlaget for vidare utvikling av yrket (Postholm & Jacobsen, 2011; Powel, 2002). Det kjem fram at dei ikkje har nokon hjelpemiddel som spesifikt er tilpassa til dei som har ei utviklingshemming. Hjelpemidla som nyttast, er dei same for barn og unge. Vidare er det varierande erfaring med å avhøyra nokon som har behov for ekstra kommunikasjonsstøtte. Denne undersøkinga viser at det er eit stort behov for meir kunnskap om korleis rettspleia best mogleg kan møta menneske som kjem inn under omgrepa utviklingshemming og særleg sårbare. Forsking på bruk av hjelpemiddel har i stor grad vore knytt til barn, og herunder barn med utviklingshemming eller autisme. Det finst derimot mindre forsking på kva for nokre hjelpemiddel som kan bli nytta av vaksne, og på korleis bruk av alternative hjelpemiddel, som til dømes ASK, kan støtta opp under kommunikasjon som ikkje er knytt til å skaffa fram bevis. Dette er noko som det er behov for meir forsking på.nno
dc.language.isonno
dc.subject
dc.title«Vi må tenke forberedelser…som er nøkkelen.» Ei kvalitativ undersøking om kommunikasjon i tilrettelagte avhøyr.nno
dc.typeMaster thesis
dc.date.updated2019-09-20T23:45:51Z
dc.creator.authorChristiansen, Gerd Helene Bernhoft
dc.identifier.urnURN:NBN:no-73558
dc.type.documentMasteroppgave
dc.identifier.fulltextFulltext https://www.duo.uio.no/bitstream/handle/10852/70426/1/MASTER3-0.pdf


Files in this item

Appears in the following Collection

Hide metadata