Hide metadata

dc.contributor.authorSvelstad, Oda Elise
dc.date.accessioned2019-09-09T23:47:51Z
dc.date.available2019-09-09T23:47:51Z
dc.date.issued2019
dc.identifier.citationSvelstad, Oda Elise. «Svaret på gåten ligger i fortiden» Ei undersøking av karakterologi i Mann i mørke (1939) av Edith Øberg. Master thesis, University of Oslo, 2019
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/10852/70217
dc.description.abstractEdith Øberg forfatta 12 bøker i perioden 1916 – 1945, som alle fekk stor merksemd i mellomkrigstida. Øberg var ein betydingsfull forfattar og anerkjent av sine kollegaer og litteraturkritikarar. Likevel er Øberg i dag ein nokså gløymd forfattar, og eg vil med denne masteroppgåva løfte Øberg opp frå gløymselen. I denne avhandlinga har eg gjort ein karakteranalyse av hovudkarakterane i Mann i mørke (1939), ein roman som kretsar rundt tematikk om kvinneleg og mannleg begjær, kvinneleg seksualitet og kvinnelegheit. Boka er òg a-typisk med tanke på form og sjanger, det vil seie at ho er ei blanding av både drama, roman og detektivsjangeren. Hovudfokuset har vore korleis Øberg har nytta seg av litterære verkemiddel for å konstituere dei komplekse og samansette karakterane Harriet, Bjørg og Johannes. Det teoretiske utgangspunktet har bestått av Per Krogh Hansens karakterologi, nærmare bestemt Hansens strukturmodell, som har vore det sentrale analytiske verktøyet for analysen. I strukturen skil Hansen mellom beskrivande og forteljande framstilling. I tillegg består modellen av tre horisontale strukturnivå; nemleg overflatestruktur, mellomstruktur og djupnestruktur. Eg viser korleis desse strukturane kjem til uttrykk i konstitueringa av karakterane, og korleis desse aspekta speler på lag med kvarandre. I tillegg har eg nytta med av antologien Characters in Fictional Worlds (2010) for å utdjupe korleis Øberg nyttar seg av narrative grep, som blant anna diskursmanipulasjon, for å komplisere lesinga av romanen og karakterane. I analysen peiker eg på korleis Harriet og Bjørg blir danna som kontrære kvinnetypar. Der Harriet står fram som ei farleg, erotisk femme fatale, er Bjørg den rasjonelle og rolege ‘jomfrua’. Samstundes blir desse karakterportretta snudd på hovudet, og karakterane får karaktertrekk som utfordrar framskrivinga av dei som stereotypiske kvinnetypar. Begge karakterane speler ut ulike kjønnsstereotypiar, noko som resulterer i at Øberg bryt opp den tradisjonelle binære konstruksjonen av kvinna som anten – eller, som til dømes anten seksuell eller intellektuell. Eg understrekar at også Johannes er ein mann av sin tid, det vil seie at i likskap med modernistisk fiksjon er skriven fram som ein mann som går i oppløysing. Vidare argumenterer eg for at karakterane i stor grad er fiksjonaliserte, det vil seie at dei står fram som medvitne sin eiga fiksjon, noko som resulterer i at også romanen står fram med ein tydeleg metatekstleg dimensjon.nno
dc.language.isonno
dc.subjectKarakterologi
dc.title«Svaret på gåten ligger i fortiden» Ei undersøking av karakterologi i Mann i mørke (1939) av Edith Øbergnno
dc.typeMaster thesis
dc.date.updated2019-09-10T23:46:17Z
dc.creator.authorSvelstad, Oda Elise
dc.identifier.urnURN:NBN:no-73329
dc.type.documentMasteroppgave
dc.identifier.fulltextFulltext https://www.duo.uio.no/bitstream/handle/10852/70217/1/Masteroppg-ve--2019--Svelstad.pdf


Files in this item

Appears in the following Collection

Hide metadata