Hide metadata

dc.contributor.authorPedersen, Anita Hollund
dc.date.accessioned2019-09-09T23:47:28Z
dc.date.available2019-09-09T23:47:28Z
dc.date.issued2019
dc.identifier.citationPedersen, Anita Hollund. Omgrepsforståing ved hjelp av metaforar for fleirspråklege elevar. Master thesis, University of Oslo, 2019
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/10852/70190
dc.description.abstractHensikta med denne studien har vært å undersøkje korleis metaforar speler ei rolle for omgrepsforståinga hos fleirspråklege elevar. Klasseromma i dag er prega av eit mangfald der fleire kulturar er representert, og i følgje Cho og McDonnough (2009) etterlyser lærarar nye måtar og verktøy for å kunne undervise i det Ünsal, Jakobson, Molander og Wickman (2017) kallar fleirspråklege klasserom. Eit område som lærarar treng meir kunnskap om er omgrepslæring. Eit vanleg verktøy å nytte i forbindelse med omgrepslæring i naturfag er metaforar (Harrison & Treagust, 2006), som i følgje Lakoff og Johnson (1980) er definert som å erfare ein ting i form av ein anna. Dei hevdar at all vår kunnskap er basert på kroppsleg og kulturell erfaring. Metaforar er følgjeleg kulturelt betinga, og handlar om at dei har sitt opphav i måten vi ser på verda på, som jo er ulik frå kultur til kultur (Askeland, 2006; Lakoff & Johnson, 1980; Yamanaka, 2008). Mi problemstilling er «Kva rolle spelar metaforar i naturfaglege tekstar når det kjem til prosessen med å forstå eit omgrep for fleirspråklege elevar?». Eg har forsøkt å sett på prosessen med å forstå eit omgrep ved hjelp av metaforar med eit kulturelt perspektiv på naturfagundervisning, der elevane har eigne unike samansetningar av subkulturar (Aikenhead, 1996). Datamaterialet kjem frå videoobservasjon av eit sjølvlaga undervisningsopplegg gjort med ei gruppe på fire fleirspråklege elevar på 8. trinn. Datamaterialet er tematisk analysert (Braun & Clarke, 2006). Eit viktig funn i studien viser det å diskutere metaforar på fleire språk gitt for same omgrep har ein begreinsande effekt på forståinga elevar kan få av omgrepet, noko som viser verdien av å bruke fleirspråklegheit som ein ressurs. To andre funn var at forståinga av metaforen og forkunnskapane elevane hadde kring omgrepet spelte ei viktig rolle når det kjem til prosessen med å forstå eit omgrep ved hjelp av ein metafor.nno
dc.language.isonno
dc.subject
dc.titleOmgrepsforståing ved hjelp av metaforar for fleirspråklege elevarnno
dc.typeMaster thesis
dc.date.updated2019-09-10T23:46:00Z
dc.creator.authorPedersen, Anita Hollund
dc.identifier.urnURN:NBN:no-73316
dc.type.documentMasteroppgave
dc.identifier.fulltextFulltext https://www.duo.uio.no/bitstream/handle/10852/70190/13/Anita-Hollund-Pedersen_Omgrepsforst-ing-ved-hjelp-av-metaforar-for-fleirspr-klege-elevar.pdf


Files in this item

Appears in the following Collection

Hide metadata