Hide metadata

dc.contributor.authorStordrange, Guro
dc.date.accessioned2019-09-09T23:47:12Z
dc.date.available2019-09-09T23:47:12Z
dc.date.issued2019
dc.identifier.citationStordrange, Guro. Frå Undset til Uri: Kva les elevane på vg3? – Ei kvalitativ innhaldsanalyse av 142 norsklærarars leselister. Master thesis, University of Oslo, 2019
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/10852/70172
dc.description.abstractDenne studien forsøker å belyse tekstutval i vidaregåande skule ved å fokusere på kva slags tekstar eit utval norsklærarar oppgjev å ha brukt i si undervisning. Med innføringa av Kunnskapsløftet i 2006 vart lister over anbefalt lesne forfattarar fjerna frå læreplanen i norsk, og det vart då opp til den enkelte lærar å utføre tekstutval – eit prinsipp som vidareførast i fagfornyinga 2020 (Kunnskapsdepartementet, 2015-2016, s. 44; Vinje, 2005, s. 73). Kunnskapsløftet la også opp til ei jamstilling av skjønnlitteratur og sakprosa, ei jamstilling fleire hevdar har ført til at skjønnlitteraturen har fått si stilling i norskfaget svekka. Det er mangel på studiar som kan vise kva slags utfall innføringa av Kunnskapsløftet har fått for lesing og tekstutval i skulen (Steinfeld & Ullström, 2012, s. 237-239; Aamotsbakken, 2017, s. 75). For å belyse dette, ynskte eg å sjå kva som kjenneteiknar tekstane norsklærarane oppgjev å ha brukt. Problemstillinga for denne studien har difor vore: Kva slags tekstar oppgjev lærarar å ha brukt i si norskundervisning og kva kjenneteiknar desse tekstane? Datamaterialet består av 142 leselister. Desse leselistene, også kalla fagrapportar, inneheld oversikt over teksttitlar norsklærarar i til saman 142 ulike klasserom spreidd utover Noregs land oppgjev å ha lese med sine respektive klasser. Totalt består leselistene av til saman 5095 teksttitlar. 1152 av desse er unike, noko som seier oss at fleire teksttitlar er felles for fleire leselister. På bakgrunn av ei kvalitativ innhaldsanalyse av datamaterialet er eit av hovudfunna i studien at ei nokså stor mengd av oppførte tekstar er lesne som utdrag. Utdragsbruken viser seg å vere spesielt dominerande ved lesing av lengre tekstar. Studiens andre hovudfunn er at lærarar oppgjev å ha brukt eit vidt spekter av tekstar, der visse enkelttekstar og tidsperiodar er så hyppig oppført at ein kan seie at desse tekstane i praksis er med på å oppretthalde ein skjult kanon i skulen. Det tredje hovudfunnet er at tekstane lærarane fører opp i leselistene i all hovudsak er skrivne av norske menn. Representasjonen av kvinnelege forfattarar aukar i takt med at tekstane har nyare utgjevingsår, men skilnaden mellom kjønna er framleis til stades inn mot samtida. Vidare viser analysane ei tydeleg skeivfordeling mellom oppførte skjønnlitterære tekstar og sakprosatekstar. 86 prosent av det totale talet på oppførte tekstar er skjønnlitteratur, medan 13 prosent er sakprosa.nno
dc.language.isonno
dc.subjectkanon
dc.subjectleselister
dc.subjectlesing
dc.subjecttekst
dc.subjectSakprosa
dc.subjecthele verk
dc.subjectutdrag
dc.subjectlitteratur
dc.subjectskjønnlitteratur
dc.titleFrå Undset til Uri: Kva les elevane på vg3? – Ei kvalitativ innhaldsanalyse av 142 norsklærarars leselisternno
dc.title.alternativeFrom Undset to Uri: What do upper secondary pupils read? - A qualitative content analysis of 142 Norwegian teachers' reading lists.eng
dc.typeMaster thesis
dc.date.updated2019-09-10T23:46:10Z
dc.creator.authorStordrange, Guro
dc.identifier.urnURN:NBN:no-73393
dc.type.documentMasteroppgave
dc.identifier.fulltextFulltext https://www.duo.uio.no/bitstream/handle/10852/70172/1/Fraa_Undset_til_Uri_Kva_les_elevane_paa_vg3-.pdf


Files in this item

Appears in the following Collection

Hide metadata